Tanita Opheim

Kokk

Tanita er «sjefskokka» vår og styrer kjøken med trygg hand. Dette er dama som er like rå på mat som sin smittande latter. Ho er oppteken av at maten skal både sjå god ut, smaka godt og gjere godt. Kan ho krydra maten med godt humør og litt ekstra kjærleik er dagen god. Ho kjem frå vakre nabokommunen Luster, men har gjort kaupsing av seg. Ho tykkjer det er heilt greitt å bu kloss i fjorden og tek gjerne kajakken ut for å få fred. Ho bur med ein stor arbeidskar og ein liten, så ein avstikkar må til ein gong i blant. Ho og hunden ser du susande forbi på el-ling, men Sofus drar på åra så det blir spanande å sjå kven ho skal setje band på framover. Tanita overraskar stadig- anten det er med sprell eller noko godt på bordet. Me torer ikkje å sprella for mykje, for me veit at hemnen er søt.

Previous
Previous

Renate Vik Vatlestad

Next
Next

Pål Støylen