Sogndal Bed & Breakfast

Sommaren 2024
Me har ope for overnattingar frå 17.juni til og med natt til 11. august. Men under Lerum Cup (21.-24. juni) er all utleige via Sogndal Fotball. Prisane er inkludert frukost og sengetøy/handkle på romma. Sengetøyet må du ta på senga sjølv. Frukosten blir servert i matsalen vår frå 07:30-09:30. Me har eit felleskjøkken på tunet vårt som du kan bruke til matlaging. Ellers er det vaskemaskiner og tørketrommel tilgjengeleg for deg. Desse er gratis å bruke, men du må halda vaskemiddel sjølve. Me gjer deg oppmerskom på at alle våre dobbeltrom er twinbeds.

Prisar:
Dobbeltrom med bad:
Kr 1 410 per natt for inntil 2 personar
Kr 1 586 per natt for inntil 3 vaksne eller 2 vaksne og 2 barn under 12 år (sovesofa)

Enkeltrom med bad:
Kr 918 per natt
Kr 1 137 per natt for inntil 2 personar (sovesofa)

Dobbeltrom med felles bad:
Kr 973 per natt for inntil 2 personar

Enkeltrom med felles bad:
Kr 756,- per natt

Velkommen skal du vere til å ta sommarferien din på Sogndal folkehøgskule!

Bestill rom i dag med kontaktinformasjonen under:

Bestill sjølv her: https://reservations.visbook.com/8271?lang=no

eller ta kontakt med oss under.

Kontaktinformasjon:
Telefon 913 09 714
Epost sogndalbandb@sogndal.fhs.no


Informasjon om oss

Sogndal Bed & Breakfast ligg i vakre omgivnadar nokre hundre meter frå Sogndal sentrum. Me har nydeleg utsikt til fjell og fjord, og flotte uteareal du som gjest kan bruke. Her finn du sandvolleyballbane, kunstgrasbane og eit amfi. Det blei nyleg bygd ei brygge ved fjorden like nedanfor oss, med innebygde solstolar/senger og moglegheit for bading.

Me har tre internat på skulen; Fjellinternatet (nytt i 2013), Hageinternatet (nyrenovert) og Kontorbygget. På Fjellinternatet er det bad på romma. Dette bygget består av 10 dobbeltrom og 4 enkeltrom. På Hageinternatet har me 24 dobbeltrom og 8 enkeltrom, desse er delt i avdelingar der det er 3 dobbeltrom og 1 enkeltrom per avdeling. Ei avdeling deler 1 bad, 2 stk wc og 2 stk dusj. I Kontorbygget har me 12 hyblar med privat bad, der 6 hyblar deler på 1 kjøkken som ofte blir leigd ut på sommaren som langtidsleige.

Totalt har me 104 sengeplassar på Sogndal Bed & Breakfast, og det er sovesofa på alle rom på Fjellinternatet.

Sogndal ligg midt i smørauga for mange attraksjonar. Omlag 1 time frå Sogndal Bed & Breakfast, på sørsida av Sognefjorden finn du Aurland. Her ligg Stegasteinen, eit flott utsiktpunkt på fjellet og i samme kommunen, ca 15 min frå Aurlandsvangen finn du verdenskjente Flåmsbana. Du kan og ta deg ein båttur til Nærøyfjorden og ender då opp i Gudvangen der Vikinglandsbyen ligg.  

Nord-aust for Sogndal, mot Sognefjellet, finne du fleire andre attraksjonar. Her kan du køyre ned til Solvorn, ei flott sommarperle, og ta ferja over til Ornes. Her kan du besøke Urnes Stavkyrkja (som er på UNESCO si verdsarvliste), og Urnes gard og Hjortefarm. Elles er det mogleg å handle kortreist jordbær og bringebær på veg opp til kyrkja. På same sida av fjorden, inn mot Skjolden finn du både Feigumfossen og vidare på Sørheim ser du huset der Lerum Fabrikkar starta opp. Vidare køyrer du mot Sogndal igjen, men allereie i Gaupne finn du Lustrabadet og avkøyrsla inn til Jostedalen, der du kan besøke Europa sin største isbre på fastland; Jostedalsbreen.

I Sogndal er det mange flotte turstiar. Mellom anna kan du ta ein tur til Dagsturhytta Stedjestova, eller gå heilt opp til toppen Nuken som ligg på 919 m.o.h. i frå sentrum. Fjordstien, like nedanfor sentrum, er ein flott tur å spasere. Du kan gå heilt frå oss til Sjøkanten. Eller så er regionen sitt største kjøpesenter her med 50 butikkar. Det er eit yrande liv i sentrum av Sogndal, som på folkemunne blir kalla Fjøra. Opplev parkliv, butikkar og kafèar; som Dampskipskaien, Lustrabui og Park Café Sogndal.

Ikkje minst må du ta turen til Sogn Folkemuseum - De heibergske samlingar som ligg 10 minutt køyretur frå Sogndal mot Kaupanger! Her finn du utstillinga til 150 års jubileumet til Sogndal folkehøgskule, eventyrskogen med Bukkane bruse og mange flotte dyr.

Her er du midt i ein region, med flust av moglegheiter og opplevingar! Du kan køyre RIB-båt på Lustrafjorden, utforske stavkyrkjer i heile regionen, som Urnes, Kaupanger, Borgund. Kraftgata på Kaupanger er eit kjent område for stisykling, samt den ny asfalterte pump-tracken i same bygd.

Me håpar du legg sommarferien din til Sogn!