Klima og miljø

Sogndal folkehøgskule arbeider kvar dag for å vere ein miljøbevisst skule. Elevane våre er mykje på tur i naturen - og for å kunne nyte den må me ta vare på den.

Me er bevisste på eige forbruk og kva me kastar. Det inneber òg å tenkje over kvar me kastar det. For å lukkast med vårt miljøarbeid er me avhengige av at også du som elev engasjerer deg og tek ansvar saman med oss.

Me kan vere med å påverke korleis framtida skal sjå ut! Sogndal folkehøgskule har inspirerande foredrag frå engasjerte tilsette og eksterne føredragshaldarar. Med tema som mat, klede, avfall og global produksjon ønskjer me å synleggjere korleis me sjølve kan bidra til klodens beste.

Spesielt inspirerande er det når du som elev har forslag til prosjekt innan berekraft. Til dømes har me ein tidlegare elev som har besøkt oss for å fortelje om sin kamp mot plast i havet- inspirert av året på Sogndal Folkehøgskule! Som elev vil du òg få moglegheit til å teste eigenproduserte hudpleieprodukt, mekke sykkelen din på eigahand, pynte ditt eige handlenett, lage bivokspapir til nistepakka di og byte genseren du er lei av mot noko andre ikkje sjølv treng meir.  

Klima og miljø

Under mottoet “små endringar gjer ein stor forskjell” vil me bevisstgjøre deg til å skape ein litt meir berekraftig kvardag- både lokalt og globalt.

Mat

I Hyggebygget på Sogndal folkehøgskule finn du hjartet på skulen- kjøkenet! Mat er ein viktig del av kvardagen på skulen. På kjøkenet er me opptekne av god smak, næringsrik og berekraftig mat. Me serverer heimelaga mat til alle våre elevar kvar einaste dag. Elevane får ekte mat laga frå botn av basert på ferske, gode råvarer gjennom heile skuleåret. Skulen er Debio-godkjent med valørmerket Bronse, som vil sei at minimum 15 % av all mat som blir servert er økologisk. Det blir laga både vegetar og vegane alternativ. Kjøt er noko av det som gir stort klimautslepp, difor har me kjøttfri dag på den vekentlege middagsplanen. I løpet av skuleåret er det fleire elevar som blir vegetarianarar. Saman med elevane jobbar me også for å kaste så lite mat som mogleg.

I tillegg vil elevane i løpet av skuleåret oppleve smaken av kortreist mat. Me plukkar eple i nærområdet som me pressar til eplejuice. Sankar tyttebær og blåbær i skogen, som blir brukt under haustfesten og ikkje minst kan ein delta på partering av økologisk sau som skal bli til eit festmåltid!

Matboks

Ved å nytte matboks kan du som elev sjølv bidra inn mot miljøet. Som ein del av undervisninga lagar me matboksar og matpakkepapir på skulen.

Sortering

Me kildesorterar avfallet vårt. På internata er det difor ein søppelkorg for restavfall, ein for papir og ein for matavfall. Me oppfordrar òg til å samle plast i blank pose på søppelrommet.

Me sorterar:

  • Papir

  • Plast

  • Glas/metall

  • Restavfall

  • Matavfall/kompost

Pant

I hyggebygget står PANTETØNNA vår. Me arbeider for at alle flasker skal attvinnast.

Gjenbruk

Mykje av det elevane treng for skuleåret kan du kjøpe brukt. I tillegg jobbar me for at elevane skal reparere det som er øydelagt som ein del av undervisninga i staden for å kjøpe brukt. I løpet av skuleåret blir det mellom anna arrangert bytekafè og bruktmarknad på skulen. Utstyr og klede som ein kanskje er litt lei av kan andre ha både glede og bruk for. Det fins mange bruktgrupper på Facebook, i tillegg har kanskje familie og venner utstyr du kan låne for eit skuleår?

Vatn

Vestlandet byr tidvis på store mengder vatn...

Det betyr ikkje at me ikkje skal tenkje sparing på vatnet. Sogndal folkehøgskule jobbar for å redusere vatnforbruket, spesielt varmtvatn, i lag med elevane. Dette er med på å skapa gode vanar for elevane i framtida.

Fly

Flyreiser er noko av det som bidreg til størst klimautslepp og som gir størst gevinst å kutte for oss som enkeltindivid. For skuleåret 2019-20 har me slutta med flyreiser for to av våre linjer. Studieturen til Ski og Sykkel og Friluftsliv Noreg går med tog, buss og bil. Dette er for å redusere klimautsleppet. Skuleåret 2020-21 har me slutta med flyreiser på to nye linjer slik at me totalt har fire linjer som ikkje flyg.