Friluftsliv topptur

Studietur

Etter hausterien tar me toget sørover og reiser på fjelltur i Alpene.

På våren reiser me i Noreg der snøen er best! Me kjem til å pakke bilane for å legge ut på eventyr. Forholda og snøen bestemmer vår endelege destinasjon.

Drøymer du om å nå spektakulære og luftige fjelltoppar? Vil du køyre ski i ei silkemjuk, sporlaus fjellside med puddersnø? Då bør du lese vidare her.

Før snøen kjem vil beina ta oss til topps, både her og i Alpene. Turane vil variere; frå dagsturar med lett sekk, til større oppakningar med telt, sovepose og god mat. Du får også delta på brekurs, slik at me kan nå dei mindre tilgjengelege toppane. 

Lær deg kart og kompass

Kunnskap om kart og kompass, fyrstehjelp og teltliv er nødvendig for å kunne ta vare på seg sjølv og andre i krevjande vêrforhold. Dette vil difor vere tema gjennom hele året. Når dagene blir kortere og veret ruskete, vil me reise på surfetur til Hoddevika og klatre inne. Kanskje er det også tid for å førebu lår til vinterens lange økter i puddersnøen?

Linjelærar


Meir om linja


 

Eit år i Sogndal sett spor.
Menneska. Naturen. Opplevingane.
Send din søknad til Sogndal folkehøgskule i dag.

Opplev verdas beste snø

På vinteren og våren er det toppturski som gjeld. Me spissar skiferdigheitane på skisenteret og får ei god innføring i skredtryggleik. Sogndal har verdas beste snø, og fjell som inviterer til skiturar heile vinteren. Me har rå skogskjøring, med moglegheit for både hopp og dropp, og lange nedkøyringar som let deg kruse fine svinger.

Den vakreste tida i Sogn

Våren er den vakraste tida her i Sogn. Epletrea blomstrar og det er vår nede ved fjorden, men framleis snø og slush i fjellet. Me byrjar gjerne dagen med ein skitur i solsteiken, før me avsluttar med bad og grilling ved fjorden. 

Nå toppen som eit lag

Nokre dagar reiser me tidleg på tur for å få med oss dei første solstrålane som treff rimkrystallene på snøen. Turen opp og ned er ein like viktig del av opplevinga som sjølve toppen. Linja er eit lag, som gjennom trening og øving, blir rusta til å møte nye utfordringar. Den beste kjensla i verda er når heile laget når målet og ein står saman i den sterke opplevinga.

Studietur Friluftsliv Topptur


Etter haustferien set me oss på toget i retning Sør-Europa!

Sjølve reisa er ein viktig del av turen, og me stoppar undervegs for å besøkje spennande plassar! Me vil oppsøkje fjell og fjellområder som byr på høgare toppar enn her i Noreg. Kombinasjonen av nye fjell og natur, med ny kultur og fantastisk mat er uslåeleg.

På våren reiser me dit snøen er best i Noreg

Me pakkar bilane og legg ut på ein to vekers roadtrip, på leit etter landets beste snø. Forholda og snøen bestemmer vår endelege destinasjon. På vegen nordover stoppar me kanskje i Sunnmørsalpane eller Romsdalen og får med oss nokre av dei klassiske toppturane.

Utstyrsliste

  • Til eit aktivt år med friluftsliv i utfordrande vestlandsnatur treng du ein del utstyr. Oversikta nedanfor dekker det du skal ha av personleg utstyr.

    I nokon grad kan du sy ditt eige utstyr på skulen. Hugs elles at gamalt godt utstyr oftast gjer same nytte som siste modell, så leit på loftet eller lån av dei næraste!

  • Ryggsekk, minst 70 liter.

    Dagstursekk, 30 til 40 liter.

    Sovepose (komforttemp. - 20º)

    Liggeunderlag (min. 14mm tjukt)

    Vind- og vanntett jakke

    Vind- og vanntett bukse

    Turbukse

    Gamasjer

    Fjellsko med høg ankel

    Hua

    Buff / skjerf

    Tjukk ullgenser

    Tjukk dunjakke

    2 sett ullundertøy

    Ullvottar

    Vindvottar

    Tallerken og bestikk til å ha med på tur

    Drikkeflaske som tåler kokande vatten

    Hovudlykt

    Gode dekkende solbriller

    Kartmappe

    Kompass (360grader)

    Skrivesaker

    Termos

    Førstehjelpsutstyr (minimum sportstape, gnagsårplaster, enkeltmannspakke og smertestilllande)

  • Randoneeski

    Skistøvler

    Skistaver

    Snøspade

    Søkestang

    Sender/mottaker eller skredsøker

    Skifeller

    Snøbriller

    Fotposer

    Lakenpose

    Sovepose (komforttemp. - 20º)