Friluftsliv Norge

Sogndal er ein av Norges finaste plassar å drive med friluftsliv på. Allsidig er stikkordet, frå puddersnø og ruvande tindar til frådande elver. Linja oppsøker all slags natur og du får lære å meistre alle forhold frå fjell og bre til fjord og hav. Studietur til Lofoten.

 

Litt meir om linja

Vil du rafte i breelvar, padle kajakk blant øyer langs kysten, køyre hundespann, kom deg på nokre av dei høgaste toppane i landet, køyre ski i urørt pudder, surfe og klatre?

Vil du oppleve naturen sin raske endringar, råskapen i ein skikkeleg hauststorm, variasjonane i landskap frå kyst til innland, sør til nord og lågt til høgt i det langstrakte landet vårt?

Vil du opplev kjensla av fellesskap med turvenner på kjende attraksjonar og hemmelege perler? Då er denne linja for deg.

Reis mindre opplev meir.

Vi vil fokusere på å bli skikkeleg kjent i nokre av dei mest spektakulære friluftslivsområda i Norge, reise berekraftig og fokusere på å sjå mykje, med små utslepp. Det blir gode samtalar rundt bålet, netter under open himmel, hytteturar og teltturar. Det blir Jotunheimen, Lofoten, Trolltunga, Hardangervidda, Jostedalsbreen og mykje meir. Det blir rom for å gjennomføre draumeturen din i Norge. Dette er du som elev med på å fastsetje.

Dette blir eit år med tallause magiske opplevingar i Norge.

Eit år i Sogndal sett spor. Menneska.Naturen.Opplevingane.
Send din søknad til Sogndal folkehøgskule no

 

Studietur Friluftsliv Norge

Før haustferien blir det tur til nydelege Lofoten der skal vi gå på toppar, ut på lofotfiske, gjeste vakre strender og surfe.

Det blir friluftsliv i omgivnader så vakre at dei kan ta pusten frå deg.