Informasjon om søknad

Alle kan søke på Sogndal folkehøgskule. Opptaket startar 1. februar. Det er ingen søknadsfrist.  Du kan søke når du vil, og me tek opp elevar kontinuerleg frå opptaket er i gong og så lenge me har ledige plassar. Det kan løne seg å vere tidleg ute for å få plass på den linja du ynskjer aller mest.

Skulen har aldersgrense 18 år, rekna før nyttår i det året du er elev. Men det kan vere moglegheit for unntak, ta i så fall direkte kontakt med oss.

I søknaden vil me gjerne at du skriv litt om deg sjølv, bakgrunnen din og kvifor du vil gå eit år på folkehøgskule.

Søknaden din vert vurdert same dag som me mottek den. Me sender svar både elektronisk og som vanleg post. Det hender me tek kontakt per telefon om me har spørsmål til søknaden. Om du har spørsmål som du vil ha svar på før du sender søknad svarer me gjerne om du tek kontakt med oss.

Velkomen som elev og til eit spennande år på Sogndal folkehøgskule!