Ski, sykkel og surf

To studieturar

På studieturen på hausten reiser me med Interrail gjennom Europa for å oppleve ulike destinasjonar for stisykling.

Studieturen på våren går i Noreg der me skal leite fram dei aller beste forholda.

Vil du oppleve gleda ved å flyte nedover fjellsidene i botnlaus puddersnø?

Sykle på smale stiar frå fjelltoppane med utsikt til Jostedalsbreen og heilt ned i fjøresteinane eller bølgjesurfe på Stadt? Klatre til topps på klipper langs Sognefjorden?

Då er dette linja for deg!

Linjelærar


Sogndal byr på eit hav av moglegheiter for spennande aktivitetar


Ein haust fyllt med sykling

Me skal nyte noko av den beste stisyklinga du finn i Noreg. Både dei legendariske stiane i Kaupangerskogen, samt fantastiske stiar i høgfjellet i Luster blir vår leikeplass på to hjul. Hausten blir altså variert med fleire ulike aktivitetar, men stisykling er vår hovudaktivitet.

Lær deg teknikk og vedlikehald

Gjennom både grunnleggande og vidaregåande teknikkurs får du ferdigheiter til å sykle med fart og kontroll i variert terreng. Du vil også bli kursa i bygging av stiar, og gjennom dette få høve til å bli ein del av sykkelmiljøet i Sogndal. Skulen har eigen sykkelverksted der du får lære grunnleggjande vedlikehald av sykkelen. Verkstaden står open og er ein populær møteplass for sykkelmiljøet ved skulen.

Du treng ikkje vere ekspert

Du treng ikkje å ha fulldempa sykkel for å velge denne linje. En hardtrail sykkel vil fungere heilt fint, og på studieturane til utlandet vil me leige fulldempa syklar på nokre av destinasjonane. Du treng heller ikkje å vere ekspert på sykkel: linja passar for folk på alle nivå - også nybyrjarar. Elektrisk terrengsykkel vil ikkje fungere på denne linja.

Meir enn bare sykling, Surf…

Me reiser til Stadt for å lære oss å surfe på bølgene i legendariske Hoddevika. Me klatrar både utandørs på klippene på Kvam og inne på eit av dei flottaste klatreanlegga i landet. Me kan prøve oss på Via Ferreta i Hemsedal eller Loen.

Når snøen kjem er det ski for alle pengane

Sogndal er eit eldorado for skikøyring. Gjennom vinteren vert du lommekjend i eitt av dei beste toppturområda i Noreg. Me har fokus på sikkerheit og skredfare slik at me kan nyte dei beste nedfartslinjene på ein god og sikker måte. I løpet av året vil du lære nok til å kunne reise på eventyr med ski på beina på eigahand både i inn- og utland.  

Snøen ligg lenge, og Sogndalsfjella er særs snøsikre; me har vanlegvis mykje snø og gode skitilhøve frå november til mai. Hurrungane (Jotunheimen), Jostedalen og Breheimen ligg òg rett utanfor døra.

Velg og vrak om våren

Når våren kjem er det berre å velge. Vil du køyre ski i Sogndalsdalen, klatre på solvarme klipper med utsikt til Sognefjorden eller merke flyten frå stiane med sykkelen i Kaupangerskogen.

Velkommen til magiske Sogndal.

 

 

Eit år i Sogndal sett spor.
Menneska. Naturen. Opplevingane.
Send din søknad til Sogndal folkehøgskule no

Studietur Ski, sykkel og surf


Surf og sykling i Danmark

På studieturen på hausten er det stisykling og sykling som tel. Men turen er mykje meir enn berre sykling. Vi reiser til Danmark, der me får oppleve flytsykling på bygde stiar. Det blir surfing på vest-kysten på legendariske “Cold Hawai”.

Roadtrip og vårski i Noreg

Studieturen på våren går nordover. Me kjem til å pakke bilane for å legge ut på eventyr. Forholda bestemmer vår endelege destinasjon.

På vegen stoppar vi kanskje i Sunnmørsalpane eller Romsdalen for å få med oss nokre av dei klassiske toppturane der. Som krydder på turen reiser vi kanskje til kysten og finner fram surfebrett.

Me vil køyre på leit etter den beste snøen og fineste bølgene som me kan finne i Noreg på denne to veker lange Roadtrip`en.

Utstyrsliste

  • Dersom du manglar utstyr rådar vi deg til å vente med innkjøp til du kjem til Sogndal. Du får råd og tips av oss om kva utstyr som er lurt å ha. Så tek vi ei fellesbestilling - det vert billegere for deg dersom du ikkje har nokre spesielle avtaler med butikkar eller produsentar frå før.

    • Stisykkel. Hardtail eller fulldempet.

    • Sykkelhjelm.

    • Knebeskytter

    • Ekstra sykkelslange

    • Multitool til sykkel

    • Girøre som passar sykkelen din

    • Ryggsekk

    • Sovepose (3 sesongs)

    • Hodelykt

    • Kler til og vera i aktivitet ute og inne

    • Ullundertøy

    • Lue og vottar/hanskar

    • Termos

    • Kompass

    • Randonnéeski m/binding som har gåfunksjon

    • Skifeller

    • Skihjelm og skibriller

    • Snøspade og søkestang

    • Skredsøker