Pål Støylen

Pål med Å, er den småhengslete, stille fyren som kjem med lange skritt over plassen. Men ikkje lat deg lura! Han har eit uendeleg engasjement og er ivrig på det livet har å by på. Han er oppteken av å få ut det beste i alle oss rundt han. Det gjer han med eit glimt i auge og ein treffande kommentar. Det er utruleg lett å bli glad i denne talentfulle, rolege karen med allsidige interesser. Gjev du han ein sau eller ein trebit, kan han gjere det meste med dei, eksempelvis kan tre bli til ei fele. Og sauen den tek han seg av, frå klypping til tradisjonsrike måltid som «saudehode» til langstekte lår nedgravne i sandvolleyballbana vår. Ja, allsidig friluftslærar med eit hjarte for berekraftige tradisjonar knytt til naturen.

Mail: paal@sogndal.fhs.no
Tlf: 482 67 398

Previous
Previous

Tanita Opheim

Next
Next

Tale Holsen Ivarhus