Tale Holsen Ivarhus

Linjelærar Friluftsliv

Tale, sprudlande Tale. Denne dama kan du sjå langt etter- bokstavleg talt. Ho har alltid eit mål, ein topp, ein rekord eller ein ny ting ho berre må prøve. Og når ho rosa i kjakane kjem tilbake, med eit stort smil og har hatt det «knakende kjekt» då må ein berre smile med. Dama frå Hardanger har mykje å by på og verdas finaste dialekt. Om det er i kajakk, eller ein fjellvegg, på klatrefeltet eller på løpetur(!) for å sanke toppar, so får ho alt til å sjå leikande lett ut. Ho har samla vaksenpoeng i fleng siste året med både giftarmål og ein liten kar springande heime. No er ho snart klar for å byte ut livet på Sogndal folkehøgskule med nok ei tåteflaske, det blir kjempe kjekt! Vesle friluftslivmaskotten til Tale, hunden Kompis, skal nok ein gang byte ut telt og stein under potane, med korte lufteturar i hagen og lengte etter nok eit år på tur med dei herlege elevane våre på Sogndal folkehøgskule!

Mail: tale@sogndal.fhs.no
Tlf: 404 50 763

Previous
Previous

Pål Støylen

Next
Next

Helge Lund