Helge Lund

Helge er vår eigen Byggmeister Bob. Kan det fiksast? Klart det kan! Og om ikkje han kan fiksa det- ja då er det ikkje verdt å behalde det lenger. Vaktmeistaren vår ser du- han går i arbeidskle og heimastrikka matchande hua. Han er stort sett alltid blid, og er han ikkje det så har me mest truleg gjort noko me veit me ikkje skal. Han veit kvar alt er og har nøklar til alle dei 400 og noko dørene ved skulen. Han er eigentleg snekkar, men han veit det meste om bilar, slukar, kraner, syklar og vaskemaskiner som me andre berre kan drøyme om. Og på toppen av alt eit ja-menneske- me er heldige. Han diggar i tillegg god gammaldags rock, og sjølv om håret ikkje er like langt så set Ozzy i gang headbanging. Marius Müller er også ein annan helt- men den historia får han fortelje deg sjølv.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Previous
Previous

Tale Holsen Ivarhus

Next
Next

Marija Kolar