Marija Kolar

Marija er assistenten på skulen og kva skulle me gjort utan ho! Ho er høgt og lågt, har vaska gaffelen før du har klart å forsyne deg og plassert han rein og fin i handa di igjen-puh. Det skal noko til å halde hennas tempo gjennom dagen. Ho og familien er frå Kroatia, og kom hit for nokre år sia. Sjølv om ho ikkje snakkar så mykje norske ord endå, so tek ho det igjen i kroppsråk og teikn. Det er aldri vanskeleg å spørje henne og ho er blid som ei sol. Det er ei dame med mange talent og negledesign er ei av mange ting ho kan bortsett frå å male, vaska, lage mat og snakke fleire språk.

Previous
Previous

Helge Lund

Next
Next

Hege-Beate Weum-Andersen