Renate Vik Vatlestad

Internatleiar

Renate er reservemammaen for alle elevane, ho kan vere streng, men har og eit hjerte av gull. Ho er den du kan snakke med, enten du har kjærleikssorg, tykkjer livet er tungt eller berre vil ha ein klem. Renate strør glede til alle med små quotes rundt omkring på skulen, men ikkje la deg lure. Ho er også den som kan skrike ut under ein ellers så roleg frukost - for å sjekke om elevane faktisk er vakne. Denne dama er glad i bøker, god kaffi og produserar flotte strikkegensarar i fleng. Ho er ikkje den som typisk spring opp på dei høgste toppane, men ho har jammen vore på Togga (!) - det er ikkje lett med høgdeskrekk! Ein av favorittplassane er “hytta” i Ålfoten, og den blir mykje brukt som rekrasjon. Renate bur på Kaupanger med mann og to born, og ei lita søt bikkje som heiter Millie.

Mail: renate@sogndal.fhs.no
Tlf: 958 36 613

Previous
Previous

Elise Hjelleflat Barsnes

Next
Next

Tanita Opheim