Tilsette

Administrasjon Gasta Design Administrasjon Gasta Design

Ole Karsten Birkeland

Ole Karsten er sjølvaste rektor, men ingen tradisjonell rektor! Han er høgast i klatreveggen og uslåeleg i bordtennis. Er det snø, kombinert med sol, ser du ryggen hans på veg til fjells. Han syklar gjerne med på tur, viser deg akrobatiske kunstner og linebalansering. No lengtar me alle etter å få bli med til hytta hans på Kalymnos, med den vakre seglbåten hans "Stjerner i sikte".

Rektor

Mail: olekarsten@sogndal.fhs.no

Tlf: 95032287

Read More
Administrasjon Gasta Design Administrasjon Gasta Design

Paul Hough

Paul er bautaen på skulen. Tindevegleder, ein kløppar på fyrstehjelp, fjellgeit og fiskar. Kva meir tenkjer du? Kunstnar! Jepp, Paul malar, teiknar og er kreativ som få. Han elskar snø og tek gjerne med ein klasse på snøholetur sjølv om gradestokken bikkar dei 20 kalde.

Inspektør
Mail: paul@sogndal.fhs.no
Tlf: 952 06 133

Read More
Administrasjon Gasta Design Administrasjon Gasta Design

Elise Hjelleflat Barsnes

Elise har kontrollen på det meste og dei fleste. Ho sit strategisk plassert, er lett å nå og gliser bredt når du kjem. Då veit ho at ho kan få slått av ein god prat, hjelpt deg med posten, studielån eller smått og stort som dukkar opp gjennom året. Ho pratar «innfødd», bur i sentrum med mann og tre born.

Kontorleiar
Mail: elise@sogndal.fhs.no
Tlf: 992 37 623

Read More
Administrasjon Elise H. Barsnes Administrasjon Elise H. Barsnes

Renate Vik Vatlestad

Renate er reservemammaen for alle elevane, ho kan vere streng, men har og eit hjerte av gull. Ho er den du kan snakke med, enten du har kjærleikssorg, syns livet er tungt eller berre vil ha ein klem. Renate strør glede til alle med små quotes rundt omkring på skulen, men ikkje lat deg lure - ho kan og finne på mykje sprell!

Internatleiar
Mail: renate@sogndal.fhs.no
Tlf: 958 36 613

Read More