Ledig stilling som lærar på Foto i 100 % vikar for skuleåret 2018/19

Vi har ledig stilling som lærar på linja «Fotoreise». Vi ønsker at du som søkjer har gode fotokunnskapar. Du har hovudansvar for all undervisning på fotolinja. I årsverket er det ei veke til New York på hausten og to veker til Vietnam på våren som du må planlegge og gjennomføre. Det er kortare turar i Sogn og Fjordane i løpet av året. Det kan blant anna vere tur til Stadt. Det vil vere ein fordel med fotofagleg og pedagogisk utdanning.

Vi søkjer etter ein engasjert person som brenn for fagfeltet sitt. Det blir lagt vekt på at du har andre fagfelt som kan brukast i val- og fellesfag. Du må vere glad i å vere saman med elevar, og å leggje til rette for læring og gode opplevingar på skulen og på turar. Målet er å gi elevane eit best mogeleg år på Sogndal folkehøgskule.

Sosialpedagogisk arbeid er integrert i stillingane; mellom anna som tilsynsvakt kveld/helg, og på ulike kvelds- og helgearrangement. Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtale for tilsette i folkehøgskulen. For meir informasjon om skulen, sjå heimesida vår.

Har du spørsmål om stillinga kontakt rektor Ole Karsten Birkeland, tlf 950 32 287.

Send søknaden med CV til:

Styret for Stiftinga Sogndal folkehøgskule, sogndal@sogndal.fhs.no
Attestar og referansar tek du med til eit eventuelt intervju.

Søknadsfrist mandag 02. april 2018.

Previous
Previous

Snart full skole!

Next
Next

Ledige stillingar ved Sogndal folkehøgskule