Ledige stillingar ved Sogndal folkehøgskule

Vi har ledige lærarstillingar frå 01.08.2016! 

Sogndal folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule som ligg i sentrum av Sogndal med ca. 80 elevar. Vi har linjene Friluftsliv, Sykkel og ski, FotoDesign, Ski og klatring, Fotoreise og Idrett.

Sogndal folkehøgskule er ein allmenndannande skule, med vekt på personleg utvikling gjennom eit breitt fagtilbod. Verdiane til skulen er likeverd, demokrati og berekraftig fellesskap.

100 % fast stilling:
Vi søkjer etter lærar på den nyoppretta linja «Sykkel og ski». Vi ønskjer ein person med undervisningskompetanse og erfaring innan sti-sykling, ski og friluftsliv generelt.

75 % mellombels stilling:
For skuleåret 2016-17 har vi ei ledig stilling som lærar på linja «Friluftsliv». Vi ønskjer ein person med undervisningskompetanse og erfaring frå friluftsliv i ulike miljø.

Vi søkjer etter engasjerte personar som brenn for fagfeltet sitt. Det blir lagt vekt på at du har andre fagfelt som kan brukast i valfag og fellesfag. Kunnskap og interesse for musikk er ein viktig miljøfaktor på skulen, og vil styrke søknaden. Du må vere glad i å vere saman med elevar, og å leggje til rette for læring og gode opplevingar på skulen og på turar. Målet er å gi elevane eit best mogeleg år på Sogndal folkehøgskule.

Sosialpedagogisk arbeid er integrert i stillingane; mellom anna som tilsynsvakt kveld/helg, og på ulike kvelds- og helgearrangement. Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtale for tilsette i folkehøgskulen. For meir informasjon om skulen, sjå heimesida vår www.sogndal.fhs.no.

Har du spørsmål om stillingane? Kontakt rektor Ole Karsten Birkeland, tlf. 950 32 287.

Send søknaden med CV til:

Styret for Stiftinga Sogndal folkehøgskule, sogndal@sogndal.fhs.no
Attestar og referansar tek du med til eit eventuelt intervju.

 Søknadsfrist søndag 8. mai 2016.

Previous
Previous

Ledig stilling som lærar på Foto i 100 % vikar for skuleåret 2018/19

Next
Next

Studieturar våren 2016