Ole Karsten Birkeland Ole Karsten Birkeland

Buldring

Me har buldring valfag både utandørs og innandørs. Det er både for dei som har buldra og klatra ein del og for nybegynnarar. Valfaget blir tilpassa etter nivå.

Read More
Ole Karsten Birkeland Ole Karsten Birkeland

Skimaking

På dette valfaget får du moglegheit til å lage dine eigne ski! Me har eigen sløydsal og lærar som er “skimaker”. Du får god opplæring og sit att med dine eigne ski etter valfaget! Det ryktast at desse er digge å køyre pudder i!

Read More
Elise H. Barsnes Elise H. Barsnes

Sy snekkarbukse

Sy di heilt unike snekkarbukse! Lag deg ei kvardagsbukse av denimstoff, eller sy deg snekkarbukse i gull og kle deg for fest! Du bestemmer!

Read More
Elise H. Barsnes Elise H. Barsnes

Terrengsykling

Nokon av dei flottaste terrengsykkelstiane i landet har me i Sogndal og i nabobygda Kaupanger.
I dette valfaget lære du terrengsykling - på nivået som passar deg!

Read More
Elise H. Barsnes Elise H. Barsnes

Selbuvott

Lær deg å strikke selbuvott. Uavhengig av om du har strikka før eller er ikkje, får du til å strikke eit par med vottar. Dette kan vere ei ypparleg julegåve!

Read More
Elise H. Barsnes Elise H. Barsnes

Pudderklar

Med Pudderklar blir du rett og slett for puddersesongen på ski! Me fokuserer på å bli i god fysisk form, med mykje trappeløp og barmarkstrening.

Read More
Elise H. Barsnes Elise H. Barsnes

Barista

Bli god på lage kaffi! Me har vår eiga kaffimaskin og kvern og lærer deg prosessen frå kverning av bønner, til å nyte din ein cappuccino. Me besøkjer Sognefjord Kaffebrenneri, som ligg i gåavstand frå skulen. Her vil me lære oss meir om brenning av kaffibønner.

Read More
Ole Karsten Birkeland Ole Karsten Birkeland

Ølbrygging

Me brygger vårt eige øl på malt som me lagar sjølve, og flaskar det. Du får dere med og brygge fleire forskjellige ølsortar og blir kjent med litt av vår historie og tradisjon knytta til øl.

Read More
Ole Karsten Birkeland Ole Karsten Birkeland

Sy jakke

Her lærar du å sy di eiga jakke av ullpledd! Du bestemmar sjølv korleis jakka di skal bli, kanskje vil du ha hette og belte på jakka? Eller utan hette og glidlås? Alle får kjempefine jakkar dei kan bruke på vinteren!

Read More
Paul Hough Paul Hough

Backcountry basic

Her låner, leiger eller bruker du dine eigne topptur ski (randonee) til å lære om sikre vegval. Ikkje minst til og å oppleve nokre flotte toppar i nærleiken av skulen. Dette faget gir deg eit godt grunnlag for å dra på eigne toppturar viss du er ny i gamet.

Read More
Gasta Design Gasta Design

Vinterleik

Målet med dette valfaget er å ha det moro i snøen, bli betre til å renne/hoppe på ski, byggje hus i snø, lære og leike samstundes. Snø kan brukast til mye!

Read More
Gasta Design Gasta Design

Førstehjelp

Å kunne handle rett i ein stressande situasjon er ingen sjølvfølge. Førstehjelp gjer deg i betre stand til å hjelpe sjuke eller skada menneske i alvorlege situasjonar. Faget er delt i praktiske og teoretiske økter.

Read More
Gasta Design Gasta Design

Gitar

Å spele gitar er noko dei fleste bør ha med seg frå eit år på folkehøgskule. Du kan byrje på valfaget med null i kunnskap, og ende med gitarevner nok til å vera kveldens midtpunkt. Du lærer ma. besifringsspel, akkordar, fingerspel og å ta vare på instrumentet. Det er ein fordel å ha eigen gitar.

Read More
Gasta Design Gasta Design

Volleyball

Målet for faget er å utvikle tekniske og taktiske ferdigheiter samt kunnskap rundt teknisk trening og spel i ulike former. Jobbing med ulike typar serve, smash, legg og blokk, samt alle grunnslaga.

Read More
Gasta Design Gasta Design

Klatring

Klatrekurs for nybyrjarar. Me brukar innandørsveggen "The Wall" i Sognahallen, buldrevegg og/eller klatrefeltet 10 min sykkeltur frå skulen. Du lærer korleis du skal sikre andre, klatre-grunnteknikker og generell sikkerheit. Du vil få Brattkort i dette valfaet.

Read More
Gasta Design Gasta Design

Longboard

I valfag longboard får du designe ditt eget, personlege toppkvalitetsbrett til asfaltsurfing - eit genialt framkomstmiddel som attpåtil er moro å bruke!

Read More
Gasta Design Gasta Design

Street-art

Lær meir om grafitti og sjablongtrykk på lerret, vegger eller t-skjorter. Ved bruk av foto og photoshop, sprayboksar og anna taggeutstyr. Og fantasien, sjølvsagt.

Read More
Gasta Design Gasta Design

Kajakkpadling

Me padlar i tre dagar på Sognefjorden og overnatter ute. Du lærer om grunnleggjande kajakkteknikk og redning, og får oppleve spektakulært og vill natur på ferda.

Read More
Gasta Design Gasta Design

Roadtrip til kysten

Me tar like godt ein roadtrip gjennom gamle Sogn og Fjordane. Bilturen startar på tunet til skulen og endar heilt uti havgapet. Der bur me i eit stort, gamalt vestlandshus i nokre dagar og me skal både få prøve fiskelykka og sette krabbetein. Nokre overkommelege fotturar for å oppleve vestlandets vakre kystnatur blir det og.

Read More
Gasta Design Gasta Design

Hybelkokken

I hybelkokken lærar du å lage god mat til rimeleg pris! Dette er valfaget som gjer deg i stand til å kome igjennom studietida utan å bruke opp stipendet på nærmaste fastfood restaurant!

Read More