Sogndal folkehøgskule er blitt Debio sertifisert!

Hege-Beathe med Ole Karsten

Hege-Beathe med Ole Karsten

Torsdag den 14. mars fekk vi ei gladmelding! Då blei Sogndal folkehøgskule Debio sertifisert med Bronsemerket for servering! Vi er den første folkehøgskulen i fylket og den første bedrifta i Sogndal Kommune som får denne sertifiseringa! Det er kokken vår Hege-Beathe Weum-Andersen som har jobba mot dette etter at ho begynte hjå oss hausten 2017. I starten av 2018 bestemte kjøkenet på Sogndal folkehøgskule for å setje fokus på smak, sunnheit og berekraft i arbeidet sitt. Eit av hovedmåla var å kunne tilby elevane ordentleg mat laga av reine råvarar. Å velgje økologisk blei ein naturleg del av dette arbeidet. Det resulterte i ein søknad til Debio om sertifisering av serveringa på skulen. 14 mars fekk vi brev i posten; Kjøkenet på Sogndal folkehøgskule oppfylte krava og får Debios Bronsemerke! Det betyr at minst 15 % av mat og drikke som serverast på skulen er økologisk. Rektor Ole Karsten er særs begeistra for dette og syns det er bra at skulen brukar økologiske mat- og drikkevarer på kjøkenet. No er det neste målet til rektor at skulen skal få Sølvmerket for servering, som vil sei minst 50 % økologisk.

Vi merkar at elevar og kommande elevar er opptatt av berekraft og miljø. Det gjer det ekstra kjekt å arbeide med berekraft på kjøkenet òg. Blant anna har vi bytta ut plastposar og matpapir med komposterbare papirposar, alt avfall blir kildesortert og vi jobbar kontinuerleg for å redusere og begrense matsvinn. Eksempelvis har vi innført ein eigen berekraftdag der det kun blir servert restar som elles hadde gått i boset til lunsj. Resten av måltida den dagen er òg heilt kjøtfrie. Ein anna del av den berekraftige vendinga har vore å kutte kjøtforbruket. Samtidig tilbyr kjøkenet vegetar- og veganmat til dei som ynskjer det som alternativ til kjøt eller fisk.

Vi er utruleg stolte av kjøkengjengen vår og arbeidet dei gjere på kjøkenet!

Alle bileta av tilsette er tatt av stipendiat Amalie Ullenes.