Ledig stilling - Rektor

Rektorstilling ledig på Sogndal Folkehøgskule.

Sogndal Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule med internatplass for 80 elevar. Skulen har vore i drift sia 1871. Skulen er organisert som ei sjølveigande stifting.  Skulen har ein sterk plass i folkehøgskulelandskapet med fagkrets innafor friluftsliv, klatring, idrett, foto, helse og livsstil. Folkehøgskulen si oppgåve er å drive med allmenndanning og folkeopplysning.

Med utgangspunkt i skulen sine grunnverdiar, likeverd, demokrati og fellesskap, ønskjer skulen å stimulere til personleg vekst og fagleg utvikling hos elevane.

Vi ønskjer ein synleg og deltakande rektor i ein allsidig og utfordrande jobb. Rektor er øvste pedagogiske leiar og har stor friheit til å påverke profil og innhald innafor skuleslaget sine rammer, i samarbeid med personale og styre.  Rektor skal leggje til rette for gode lærings- og samarbeidsforhold og eit godt miljø for alle på skulen.  Skulen ønskjer ein rektor som med innsikt og klokskap kan utvikle skulen vidare slik at den også i framtida kan vere ein attraktiv folkehøgskule og møteplass for ulike målgrupper.

Sogndal er ein aktiv skule- og utdanningsstad der folkehøgskulen ønskjer å vere er ein tydeleg medspelar.  Rektor har i tillegg personal,drift – og økonomiansvar. Styret for stiftinga er skulen sitt høgste organ og rektor rapporterar til styret. Rektor har noko undervisningsplikt.

Sogndal Folkehøgskule ligg i sentrum av Sogndal med kort veg til det meste, moderne teater- og kinosal, Fosshaugane Campus, dei verdskjende fjordane og toppturane i Jotunheimen.  

Gode samband med fly, båt og buss. Stillinga er ledig frå  01.08.2

Kvalifikasjonar

  • Leiarerfaring
  • Relevant pedagogisk utdanning på høgskule/universitetsnivå
  • Administrativ kompetanse innafor økonomi –og personalleiing
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Personlege eigenskapar
  • Evne og motivasjon for å utvikle skulen vidare i tråd med verdigrunnlag og målsetting
  • Gode relasjonsferdigheiter, vere tydeleg som leiar og byggje tillit
  • Glad i å vere i lag med unge menneske, ha godt humør og vere støttande.
  • Skulen kan tilby
  • Ein skule med nye, moderne internat
  • Ein aktiv og spennande arbeidsplass
  • Deltaking i leiarnettverk
  • Medlemsskap i Statens Pensjonkasse
  • øn etter avtale

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Nærare opplysningar ved rektor Mai-Evy Bakken, på tlf. 57627575.  
øknad med CV sendast til Styret for Sogndal Folkehøgskule, Helgheimsvg. 9, 6856 Sogndal el. på e-post mai-evy@sogndal.fhs.no, innan 15.01.2015  

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Previous
Previous

Bedre sent enn aldri!

Next
Next

STØTT KATASTROFEARBEIDET I NEPAL!