Martin Buch Larsen

Martin er «dorsken» vår og meir tradisjonell nordmann enn dei fleste. Det går i sau, tradisjonell økologisk gardsdrift og ullgensarar. Han skjular godt at han er ei moteløve, men kvart år vert det strikka bort i 20 «martingensarar». Engasjement har Martin i pose og sekk, han vik ikkje unna for å brøle for klima, inngå solcelleavtaler med sjefen før han får tenkt seg om, eller setje fokus på kva som må til for Moder jord. Han er god på å sjå løysingar og går alltid i eit forrykande tempo, gjerne med gitaren i handa. Sykling og ski er grunnen til at han hamna i Sogndal, men grunnar for å bli vart heilt andre. Treng du tips til den lokale vinterruta, spør Martin, han er snøskredvarslings-observatør og kjenner nabolaget godt. Han og kona Mathilde har i haust ikkje planta meir enn 3000 kvitlaukar, og forsyner mang ein bedrift med heimeplukka grønsaker. Godt dei har nokre ungar som kan hjelpe til i hausting.

Mail: martin@sogndal.fhs.no
Telefon: 976 57 451

 



 

Previous
Previous

Vibe Ørum Rasmussen

Next
Next

Sivelin Kjølstad