Frida Isungset

Frida er vårt friske pust og diskar opp med pianospeling og «Go’ stæmning»! Dette er bergensaren som stammar frå Lærdal og er derfor det næraste du kjem ein stillferdig bergensar. Men vekkjer du engasjementet i henne- då har du gjort det. Ho er seigliva og treng ikkje nødvendigvis ta toppane, ho nyt det livet har å by på og det er sjølve opplevinga som er målet. Ho diskar opp med bålkos og noko attåt. Ski er ho god på, og fjellskia er godt brukte. Ho brenn for gjenbruk og miljø. Sjølv om bilane fram til no har vore fossile, så skal ho ha for å køyre dei til det ikkje er meir av dei att. Og sjølvsagt berre når ho må. Dette er ei festivaldame som trivast godt i telt, men tek deg gjerne med på ei reise i den musikalske verda, enten det er gjennom allsong eller musikklytting.

Mail: frida@sogndal.fhs.no

Telefon: 902 72 852

Previous
Previous

Sivelin Kjølstad