Sogndal folkehøgskule 150 år

Kjære vener  av Sogndal folkehøgskule.

Jubileumsåret vart veldig annleis enn skulen og me i komiteen hadde sett føre oss. Pandemien som framleis herjer sette ein effektiv stoppar for planlagde arrangement. Den store festen for tidlegare og noverande tilsette, elevar og gjester frå det offentlege Norge som var planlagd i januar er i det uvisse. Landsmøtet i Folkehøgskoleforbundet skulle vore arrangert på skulen i månadsskiftet mai- juni. Det er avlyst og går digitalt.

Når mykje ikkje er muleg er det derfor med stor glede å melde at skulen i samarbeid med De Heibergske Samlinger har greidd å realisere ei utstilling i den gamle skulestova frå 1885,-  «Sogndal folkehøgskule gjennom 150 år».

Denne opner søndag 2. mai samstundes  med at museet er klar for ein ny sommarsesong.

Me vonar at mange av dykk legg turen innom museet i løpet av sesongen og tek ein kikk inn i den gamle skulestova. Her vert de møtt av dagens elevar som ønskjer velkomen. Så vandrar de bakover i tida. 150 år er lang tid og mange detaljar og kapitlar i  historia er det ikkje funne plass til.

Vi har lagt vekt på å synleggjere nokre av dei sentrale personane som stod i bresjen for etableringa av skulen, dei viktigaste milepelane i utviklinga av skulen og korleis skulen sitt innhald og elevgrunnlag har endra seg i takt med storsamfunnet.Samstundes får ein glimt inn i skulekvardagen gjennom møte med einskildelevar frå ulike tidsepoker.

Så vonar me at hausten gjer det muleg å ønskje velkomen til fleire jubileumsarrangement.

For jubileumskomiteen

Mai- Evy Bakken

Litt historik:

Sogndal folkehøgskule blei stifta den 9. januar 1871 av prest, og seinare stortingsrepresentant og statsråd, Jakob Liv Rosted Sverdrup, og blei ein av dei første folkehøgskulane i landet. Det første året holdt folkehøgskulen til i den gamle Sorenskrivargarden på Loftesnes. Om ein ser over fjorden i dag kan ein sjå den kvite praktbygningen. I 1875 blei skulen flytta til Helgheim der skulen fortsatt er. På tunet i dag er det kun Haugehuset som er att av bygningane frå 1875.

Skulen starta med 30 elevar i kullet og levde av tilskot frå Hærem-komitèen. Undervisninga var mykje basert på foredrag og kvar onsdag var det diskusjonskveldar, der politiske og religiøse spørsmål blei drøfta. Men skulen skilte seg mykje ut frå den danske folkehøgskulemodellen ved at Sverdrup tok i bruk lærebøker og dreiv undervisning i religion.

Per i dag er Sogndal folkehøgskule ein mellomstor folkehøgskule med eit elevtall på rundt 100 stk. Vi er ein frilynt folkehøgskule og tilbyr linjer med berekraftig fokus på foto, idrett og friluftsliv.

Skulen er i dag ei stifting med eit styre beståande av to representantar frå dei tilsette, ein elevrepresentant, fire representantar frå lokalmiljøet, samt rektor som sekretær.

Sjå gamle bilete av elevkull og protokoll

Det er lagt ned ein god del arbeid for å digitalisere gamle kullbilete og elevoversikt. Dette arbeidet fortsetter vi med utover året.

Sjå gamle ved å trykke på linkene her kullbilete og elevprotokoll.

Bli med på reisa til Sogndal folkehøgskule;

TimelineJS Embed