Friluftsliv Noreg

Studietur

Studietur til Lofoten på hasten.

På våren kryssar me Hardangervidda fra nord til sør.

Sogndal er ein av Noregs finaste plassar å drive med friluftsliv.

Allsidig er stikkordet- frå puddersnø og ruvande tindar til djupe fjordar og vakre strender. Me oppsøkjer variert natur og lærer oss å meistre alle forhold, frå fjell og bre til fjord og hav.

Linjelærar


Reis mindre, opplev meir


Vil du oppleve råskapen i ein skikkeleg hauststorm? Utforske variasjonane i det langstrakte landet vårt?

På Friluftsliv Noreg vil me mellom anna

  • Rafte i breelvar

  • Padle kajakk blant øyer langs kysten

  • Køyre hundespann

  • Bestige nokre av dei høgste toppane i landet

  • Køyre ski i urørt pudder

  • Surfe

  • Klatre

    Vil du opplev kjensla av fellesskap med turvenner - på kjende attraksjonar og hemmelege perler? Då er dette linja for deg.

På berekraftig reise

Me vil fokusere på å bli skikkeleg kjent i nokre av dei mest spektakulære friluftslivsområda i Noreg, reise berekraftig og fokusere på å sjå mykje, med eit lågare utslepp knytt til transport.

Det blir gode samtalar rundt bålet, netter under open himmel, hytteturar og teltturar. Det blir Jotunheimen, Lofoten, Hardangervidda, Jostedalsbreen og mykje meir.

Du påverkar kvar turen går

Gjennomfør draumeturen din i Noreg med oss. Som elev er du nemleg med på å avgjere kvar neste tur går. Dette blir eit år med tallause magiske opplevingar i Noreg.

 

Eit år i sogndal sett spor.
Menneska. Naturen. Opplevingane.
Send din søknad til Sogndal folkehøgskule i dag.

Studietur Friluftsliv Noreg


Me utforskar vakre Lofoten på hausten

Nordlys, bratte fjell, kvite strender og solnedgang! Skreifiske, surfing, bålkos og fantastiske fjell!

Det er få plasser i verda som kan by på det same som Lofoten- og dette skal me oppleve i lag.

Me tek sjølvsagt den reiseruta som forureinar minst, og får derfor med oss ikkje berre destinasjonen, men og opplevingar på vegen dit. Noreg (nesten på langs) serverer oss vakker natur, ulike årstider og opplevingane som står i kø frå fyrste etappe.

Sjå nordlyset danse på himmelen

Det er rått å kunne nyte seine kveldar med nordlyset dansande over himmelen og høyre bølgjesus i bakgrunnen. Frå Sognefjorden til det opne hav, som kan by på både «blæst og kuling» eller skyfri himmel så langt auga kan sjå.

Det blir smil og latter, kanskje noko godt attåt og nordnorsk humor med på kjøpet. Bli med på denne vakre reisa til Nord-Noreg og Lofoten

Tur til Hardangervidda på våren

Klassikaren Hardangervidda på langs er ein lang skitur der me verkeleg får testa samhaldet, utfordra oss fysisk og oppleve nærleik till naturen over ein lenger periode.

Ein langtur i godt selskap

Me lagar all mat sjølve, pulken pakkar me i telt-lag og ruta planlegg me saman. Me får utforske det fantastiske viddelandskapet når vinteren går over til vår, og dei fyrste solstrålane verkeleg varmar.
Langtur saman med menneske du har lært å stole på og blitt gode vener med, forsterkar denne opplevinga og skapar minner som varar. Undervegs på turen besøkjer me sjølvaste Trolltunga!

Utstyrsliste

  • Til eit aktivt år med friluftsliv i utfordrande vestlandsnatur treng du ein del utstyr. Oversikta nedanfor dekker det du skal ha av personleg utstyr.

    I nokon grad kan du sy ditt eige utstyr på skulen. Hugs elles at gamalt godt utstyr oftast gjer same nytte som siste modell, så leit på loftet eller 'lån' av dei næraste!

    • Ryggsekk, minst 70 liter. Må vere tilpassa deg (rygglengde, hoftebelte)

    • Dagstursekk, 30 til 40 liter.

    • Sovepose (komforttemp. - 20º)

    • Liggeunderlag (min. 14mm tjukt)

    • Vind- og vanntett jakke

    • Vind- og vanntett bukse

    • Turbukse

    • Gamasjer

    • Fjellsko med høg ankel

    • Hua

    • Buff / skjerf

    • Tjukk ullgenser

    • Tjukk dunjakke

    • 2 sett ullundertøy

    • Ullvottar

    • Vindvottar

    • Tallerken og bestikk til å ha med på tur

    • Drikkeflaske som tåler kokande vatten

    • Hovudlykt

    • Gode dekkende solbriller

    • Kartmappe

    • Kompass (360grader)

    • Skrivesaker

    • Termos

    • Sykkel til undervisning og fritid

    • Førstehjelpsutstyr (minimum sportstape, gnagsårplaster og smertestilllande)

    • Fjellski med stålkantar

    • Skistøvlar for høgfjellsbruk

    • Snøspade

    • Søkestang

    • Skifeller (langfeller)

    • Snøbriller

    • Fotposer

    • Lakenpose