Sommar seniordans 2016

Frå sommarseniordansen 2015.

Til sommaren arrangerer vi sommarseniordans frå 15.-20. juni med danseinstruktørane Anne-Lise og Einar Brandshaug! 

Sogndal Folkehøgskule er heimplassen for Sogndal Seniordans igjennom mange år. Skulen ynskjer å skape ein enda større møteplass for aktive eldre frå heile landet som er glad i utfordringar og opplevginar. Skulen ligg i sentrum av Sogndal og samstundes nær noko av det mest spektakulære som norsk natur kan by på! Fjordlandsskapet, isbreane og dei høgaste fjelltoppane. I tillegg til dans og mosjon tek vi deg med ut i noko av dette. 

Programmet er ei blanding av dans, mosjon, foredrag, utflukter og sosialt samver! Skulen tilbyr topp forpleining i trivlege internat, nokre rom med eige bad og eit godt og variert kosthald i skulen sine flotte lojakar! Og erfrane danseinstruktørar! 

Seniordans er for alle, kom aleine eller ta med ein ven! Sjå program lenger nede! 
 

Korleis kjem du til Sogndal? 
1. Ekspressbuss frå Bergen, Oslo og Trondheim
2. Hurtigbåt frå Bergen
3. Direkte fly (Widerø) frå Oslo og Bergen, flybuss til skuleporten. 

Pris:
Kursprisen er ein totalpris som dekker full pensjon, undervisning, alle utflukter og transport, foredrag og andre kulturinnslag:

Kurspris kr. 5 600,- (overnatting i dobbeltrom med bad på gangen).
Andre bu-alternativ: 
- dobbeltrom m/bad 5 800,- (10 rom)
- enkeltrom m/bad 6 400,- (4 rom)
- enkeltrom m/bad på gangen kr. 5 800,-

PS! Sei frå om romynskje når du melder deg på! Så langt det rekker får du ynskje ditt!         

Påmelding innan 01. mai 2016 til Sogndal Folkehøgskule! Vi tek i mot så lenge vi har plass! Meld deg på ved å sende epost til: sogndal@sogndal.fhs.no eller ring oss på telefon (man-fre 09:00-15:00).
For spørsmål og/eller påmelding, ta kontakt med Elise på tlf: 57 62 75 75.

Program:

Onsdag 15. juni
17:00 Ankomst og innkvartering
18:30 Middag
19:30 Seniordans
Kaffe / te i peisestova, Velkommen til Sogndal Folkehøgskule

Torsdag 16. juni
07:30 Morgontrim
08:00-09:00 Frukost
09:00 Morgonsamling
09:30-11:00 Seniordans
11:15-12:00 Forteljinga om Gjest Baardsen i ord og tonar
12:00-13:00 Lunsj
13:15-14:30 Historisk vandring i gamle Lærdalsøyri. Byantikvar Hallvard Trohaug
18:00 Middag
19:30-20:30 Seniordans etterfølgd av kaffe og sosialt samver i peisestova

Fredag 17. juni
07:30 Morgontrim
08:00-09:00 Frukost
09:00-09:30 Morgonsamling
09:30-11:30 Seniordans m/kaffepause
12:00-13:00 Lunsj
13:30-16:30 Kunst og kaffe ved fjorden
18:00 Middag
19:30-20:30 Seniordans, kaffi/te

Laurdag 18. juni
07:30 Morgontrim
08:00-09:00 Frukost
09:00-09:30 Morgonsamling
09:30-11:30 Seniordans m/kaffepause
12:00-13:00 Lunsj
Fri ettermiddag
18:00 Middag
19:30 Kulturkveld
21:00 Kaffi/te

Søndag 19. juni
07:30 Morgontrim
08:00-09:00 Frukost
09:00-09:30 Morgonsamling
09:30-11:30 Seniordans m/kaffepause
12:00-13:00 Lunsj
14:00 Avreise Kaupanger. Båtcruice på Nærøyfjorden til Gudvangen.
19:15 Middag
20:00 Kaffi/te og song i peisestova

Måndag 20. juni
07:30 Morgontrim
08:00-09:00 Frukost
09:00-09:30 Morgonsamling, evaluering
09:30-11:00 Seniordans - siste finpuss!
11:00 Enkelt måltid. Avreise.

Vi tek atterhald om mindre programendringar.

Velkommen til oss!

 

Sogndal Folkehøgskule.

Previous
Previous

Studieturar våren 2016

Next
Next

Filmuka