Foto Friluftsliv
Studietur
Me reiser til magiske Lofoten på hausten. På våren tek me ei rundreise i Vietnam, for å oppleve den unike kulturen og komme tett på menneska og naturen der.
Den ville vestlandsnaturen er raus med motiv
Opplev vestlandsnatur, fjord og fjell. Den fargerike hausten, dei kvite viddane på vinteren og vårens magiske lys. Toppane med den beste utsikten, praten rundt bålet, dei blå grottane under breen. Fotooppgåver når lyset forsvinn og hausten er på hell. Sjå sola gå ned i Lofoten - for å stå opp i Vietnam.
Basisfriluftsliv og fotofag
På linja Foto Friluftsliv har me fokus på basisfriluftsliv, bålkos og god innføring i fotofaget. Når hausten er på hell og dagane er mørke trekker me inn i klasserommet. Her jobbar me både i studio, med analog foto og fotooppgåver som gjer deg ekstra trygg i bruk av kameraets innstillingar. Ikkje minst jobbar me for at du skal utvikle deg som fotograf.
Linjelærar
Me startar året med å reise rundt i dei vakre og ville omgjevnadane på Vestlandet.
Her boltrar me oss i eit motivmekka blant fjell og fjord, og reiser mellom anna ut til den ville kysten - så langt vest me kan komme. Kamera heng sjølvsagt alltid rundt halsen, klart til å fange dei fantastiske motiva.
Bli ein betre fotograf
Når me ikkje er på ute jobbar me med spennande prosjekt på skulen. Det er lagt opp til ei rekke fotooppgåver, med mål om at du skal kunne utvikle deg til å bli ein betre fotograf, med din heilt personlege stil.
Me skal lære meir om:
portrettfotografering
dokumentarfotografi
landskapsfotografi
studiofotografering
Skulen har flotte mørkerom, der me jobbar med analog fotografi.
Teknisk utstyr og presentasjonsformat
I klasserommet har me iMac-maskiner og ein flott printer for storformat. Du vil få opplæring i Lightroom og Photoshop, og jobbe både med utstillingar og digitale bildepresentasjonar. Det blir lagt vekt på at du skal bygge deg ein portefolie på Instragram. Sosiale medier er ein flott stad å marknadsføre seg sjølv som fotograf.
Eit år i sogndal sett spor.
Menneska. Naturen. Opplevingane.
Send din søknad til Sogndal folkehøgskule i dag.
Studietur både vår og haust
Lofoten - majetetisk natur
Me skal oppleve Lofoten på hausten. Med kamera rundt halsen tek me inn impulsar og motiv. Lofoten er kjent for mykje vær og flotte fargar.
Skreifiske, surfing, bålkos og fantastiske fjell. Det er få plassar i verda som er som Lofoten, tenk at me får oppleve dette i lag.
Utflukter og nordlys
I løpet av studieturen vil me reise på ulike utflukter for å bli betre kjent i Lofoten. I løpet av turen håpar me på å fange Nord-Norges magi: nordlyset.
Vietnam - ei rundreise mellom risåkrar
Når sola kjem fram over fjella på våren skal me til det fjerne Austen, nemleg Vietnam. Der skal me på ei rundreise mellom risåkrar og kalksteinsklipper, på vandring i fjerne landsbyar vekk fra storbyens mas og jag, og på båttur i Halong Bay.
Tett på fantastisk natur
Du vil komme tett på den fantastisk naturen, den spennande kulturen og dei gjestfrie menneska. Me skal mellom anna overnatte hos ein Vietnamesisk familie på "homestay" og du vil få oppleve ein av Asias vakreste storbyer Hanoi, og den vesle skreddarbyen Hoian med sine mange lyslanterner.
Utstyrsliste
-
Kamera
Ladar til kamera
Minnekort (gjerne to)
Batteri (ekstrabatteri om du har det)
Stativ (fint om det ikkje er for stort og tungt sidan det skal vere med på turar og ut i verda)
Berbar PC eller Mac
Adobe Creativ Cloud fotopakken med Photoshop og Lightroom. Då betalar du ein sum i månaden, og kan avslutte når du vil - du får studentrabatt.)
Ekstern harddisk (for å sikkerhetskopiere filene dine, pluss at bileta kjem til å ta opp mykje plass på dataen din, så det er ein fin måte å frigjere plass)
Me har ingen krav til objektiv, men det er ein fordel å ha forskjellige brennvidder (linser).
-
Jakke som toler vêr og vind
Bukse som toler vêr og vind
Fjellsko (sko som er gode å gå ute i naturen med)
Ullundertøy
Varm genser/fleeze
Vottar
Skjerf/hals/buff
Lue
Ullsokkar
Dagstursekk (rundt 30 lit+)
Sitteunderlag
Termos
Sovepose
Liggeunderlag
Pass
Reiseforsikring
Hugs: De treng IKKJE å ha det nyaste nye. Viss du kan låne, eller finne noko brukt er det heilt flott.
Sivelin er trønderen som forelska seg i Sogndal og vart verande. God musikk, god stemning og glade fjes- då veit du kven som er på plass. Ho teiknar, måler, syr og er kreativ som få. Men tru endeleg ikkje at denne dama sit mykje i ro, ho susar ned og bortover på ski, tek turen over brevatnet på truger og får fart på sykkelen sin! Eit råskinn på revy og ærleg tvers gjennom. Kva ville måndagane vore utan « god morgon og velkomne til ei ny og spanande veke på Sogndal FHS».
Linjelærar Foto Friluftsliv
Mail: sivelin@sogndal.fhs.no
Telefon: 971 66 977