Velkomen til familiedag laurdag 25. november 2023.

Lurer du på korleis din ungdom har det, og kva han/hun driv med? Sogndal folkehøgskule ynskjer dykk velkomne til familiedag på skulen laurdag 25. november 2023. Me håpar de kan nytte dette høvet til å bli litt betre kjende med oss og folkehøgskulelivet. Påmeldingsfristen er mandag 30. oktober 2023. Det er viktig å levere påmelding innen fristen for beregning av mat hvis du ynskjer middag.

PROGRAM

Laurdag 25. november

  • Kl. 08.30 - 09.30: Frukost for elevane.

  • 10.00 Morgonsamling i Gymsal. Alle er velkomne!

  • 10.45 -13.00 Aktivitetar saman med elevane.
    MELD DEG GJERNE PÅ HER HVIS DU VIL SIKRE DEG PLASS PÅ ET BESTEMT AKTIVITET

    NB: Det er kaffi, te og noe å bite i ved Hyggebygget gjennom lørdagen

  • 14.00 Linjepresentasjon linjeklasserom

  • 14.45 - ca 15.30 Om folkehøgskulen, spørsmål og svar i A-sal. (for foreldre/besøkende)
    For elevene: Korøving

  • Kl. 18.00 Middag. Dørene opner 17:45 og velkomsttale starter presis kl 18:00.

  • Kl. 20.00: Festkveld m/elevprogram i gymsal.
    Kaffi i peisestova.

 

PRAKTISK INFORMASJON.

Overnatting.

Me kan dessverre ikkje tilby overnatting på skulen. Følgjande mulegheiter finst i nærleiken: 

Om dere kjem med bil og ikkje treng å bu midt i sentrum kan me anbefale å sjekke ut desse nettsidene under. Dei ligg i avstanden ca. 15-30 min, og er vel verdt eit besøk!

Rødseter Inn (Fjærland)

Walaker Hotell (Solvorn)

Bestebakken (Hafslo)

Nes Gard (Luster)

Raaum Gard (Hafslo)

Familiedagen kostar inkl. middag og kaffi/ kake,-  kr. 425,- (born under 12 år kr. 250,-)  Betaling ved påmelding til konto 3000.37.52301 eller via Vipps (#74487, velg Familiedag 25.nov-23). Merk betalingen med eleven sitt namn.


Påmelding: meld deg på her   


Med helsing alle på Sogndal folkehøgskule

Paul Hough, 
Inspektør

 

Previous
Previous

Reunion 2024 - Program og påmelding

Next
Next

Velkommen til skulestart