Friluftsliv

Sogndal er ein av Noregs finaste plassar å drive med friluftsliv på. Allsidig er stikkordet, frå puddersnø og ruvande tindar til frådande elver. Linja oppsøker all slags natur og du får lære å meistre alle forhold frå fjell og bre til fjord og hav. Studietur til USA.

 
 

Litt meir om linja

Sogndal er eit eldorado for friluftsliv med noko av det vakraste Norge har å by på. Bygda er omkransa av djupe fjordar som brer seg mellom høge fjell og brear.

I løpet av eit år på friluftslivslinja får du oppleve det aller meste. Turane er varierte og du vil lære masse. Om du ikkje kan så mykje frå før eller om du allereie er ekspert, så vil du få nye utfordringar og ikkje minst eit flott samhald med turkameratane dine.

Den storslåtte vestlandsnaturen stiller krav til oss, og gir oss samtidig mange moglegheiter. Mellom anna vil du dra på kajakk- og kanoturar innover fjordarmar. På vinterstid vil du oppleve netter i snøhole og iglo. Du lærer då korleis du skal byggje ei snøhole for å få ei så varm og behageleg natt som mogleg.

På folkehøgskule møter du ikkje den 'vanlege' teoretiske kvardagen på skulebenken. Du lærer undervegs og i praktiske situasjonar, noko som gjer læringa meir spennande og ikkje minst meir erfaringsrik.

Målet vårt for ditt år på Sogndal folkehøgskule er å auke dugleiken og kunnskapen din om natur, noko som vil gjere at du kjenner deg tryggare og friare når du seinare skal ut i naturen aleine eller saman med venner.

Kjennskap fører til vennskap!

 

Eit år i sogndal sett spor. Menneska.Naturen.Opplevingane.
Send din søknad til Sogndal folkehøgskule no

 

Studietur Friluftsliv

På våren reiser vi til eit storslått og unikt landskap i Canyonlands i Colorado/Utah, og vidare til Grand Canyon i Arizona, USA.

Cowboybyen Durango er første stopp der vi blir møtt av gode venner som tek oss med til basen hos Deer Hill Expeditions.

Vi padlar nokre dagar på flåtar på San Juan River, så pakkar vi om og tek farvel med rafting-guidane våre før vi dreg på eiga Canyonvandring med overnatting under ein open stjernefylt himmel.

Vi dreg på roadtrip til sjølvaste Grand Canyon i Arizona, der vi går heile 1500 meter ned til Colorado River. Same dag stig vi opp igjen til leiren på toppen.

Du får også oppleve den vesle byen Prescott der vi møter vener som gir oss innsikt i korleis naturen i dette sårbare landskapet blir forvalta og verna. Vi samtaler med  menneske som har masse kunnskap om  naturen og  den kulturen som ein gong høyrde til dette vidstrakte landet. Dette er den ekte "Ville Vesten"!

Sjølvsagt får du også litt tid til å utforske småbyar og vest-amerikansk mat, men på mesteparten av studieturen lever vi ute i naturen.