Om skulen

Sogndal folkehøgskule ligg idyllisk plassert mellom fjord, fjell og bre. Med umiddelbar nærleik til vill og urørt natur, så vel som ski- og idrettsanlegg av beste sort. Ein liten gåtur langs fjordstien tek deg til sentrum av Sogndal. Her kan du nyte ei urban bygd, med rikt utval av kafeer og kulturtilbod.

Internata - slik bur du

Sogndal folkehøgskule har tre internat, med høg standard på alle rom. I tillegg får du mykje bodplass til trygg oppbevaring av sykkel, ski, utstyr og alt du treng til eit folkehøgskuleår.

Ute i skulen sin eplehage finn du badestamp og amfi til grilling og samlingar, sandvolleyballbane og fotballbane med flaumlys. Skulen har naust med brygge ved fjorden. Her kan du leggje ut på kanotur eller ta eit bad i friskt fjordvatn - året rundt!

  • Det største internatet, Hageinternatet, har plass til 56 personar. Desse romma er modernisert. Ein bur på avdelingar med 3 doble og 1 enkeltrom og har tilgjengeleg 1 bad, 2 toalett og 2 dusjar i fellesarealet. Romma på dette interntatet betaler ein ikkje noko ekstra for. Elles har desse romma eigen vask på kvart rom, og eit lite bord samt ein stol.

  • Fjellinternatet er internat nr 2 og her er det plass til 24 personar. Det består av 10 doble og 4 enkeltrom, alle med eige bad. Desse betaler ein eit årleg tillegg for. Alle romma her er utstyrt med sovesofa og bokhylle, i tillegg til eit lite bord.

  • Jotunheimen er det siste internatet og her er det 12 elevar som skal bu, så dette blir som ei avdeling. Desse romma har eige bad på kvart rom samt eit lite bord og ein stol. På denne avdelinga er det eit eige felleskjøkken med sofakrok.

Behov for å bu aleine?

Sjølv om dei fleste vil bu med romkamerat, er det mogleg å be om eit enkeltrom dersom du har spesieltbehov for det. 

Her kan du sjå litt rundt på internatene i eit lite magasin som Kamilla Skjørland, elev 2016-17, har laga.

Våre verdiar

Raus

Me skal vera rause og sjenerøse med kvarandre.
Me vil vera gode medmenneske som viser omsorg og empati. 

Ansvarleg

Me skal ta vare på naturen og menneska rundt oss.
Me vil bidra til berekraftig utvikling og sikra demokratiet for framtida.

Open

Me skal ha respekt for mangfald. Me vil bidra til ei meir fordomsfri og tolerant verd, der menneske kan møtast med openheit og respekt for kvarandre. 

Trygg

Me skal skapa tryggleik og mot til å ytra eigne meiningar, til å finna plassen sin i fellesskapet, aktivitetar og undervisning. Me skal ferdast trygt i naturen

Sogndal folkehøgskule er ein frilynt skule med rom for ulike livssyn

Me gir unge menneske høve til personleg utvikling gjennom opplevingar, meistring og glede. Vi vektlegg fagleg breidde og høgt fagleg nivå.

Les meir om kva ein frilynt skule er her.

Urbant, midt i naturen.

Det er få stader i verda som kan måle seg med den unike naturen i Sogn. Den majestetiske Sognefjorden brer seg frå kysten og innover i landet. Innst i fjorden reiser tindane i Hurrungane og vest-Jotunheimen seg. Mot nord ligg Jostedalsbreen og isen som gjennom tusen av år har forma landskapet.

Ein stad du vil trivast

I hjartet av det heile ligg Sogndal. Om du er på jakt etter vakre fotomotiv, den djupaste puddersnøen, eller berre vil oppleve noko nytt, så veit me at du vil stortrivast her. Me har Norges største utandørs klatrefelt og innandørs klatrevegg og eit fotballag me er veldig stolte av - Stao no pao!

Skulle du få overdose av frisk luft og fysisk fostring er det berre tre minutt gange til eit kjøpesenter med 60 butikkar, kino-og teatersal og fleire serveringsstader. Dette er ein plass for alle. 

Ei student- og ungdomsbygd

Sogndal er ikkje som andre vestlandsbygder. I tillegg til dei 7 500 fastbuande er det heile 3 000 studentar og skulelevar her!

På studenthuset Meieriet finn du kafé, konsertarena og utestad. Lista over artistar som tek turen innom Sogndal i løpet av året er imponerande.

Aktiv fritid - frå fjord til fjell

Spektakulære fjell og fjordarmar omgir oss på alle kantar. Berre 15 minutt køyring og du er ved inngangen til ei rekkje alpine fjellområde. 

Her finn du som regel snø frå desember til langt ut på sommaren! Ein times køyring tek deg til Sognefjellet eller Jostedalsbreen. To skisenter ligg ca. 15 minutt med bil frå skulen. Fjellsportfestivalen i Sogndal har fått mange til å oppdage dei unike fjella i Sogndalsområdet.  

Rundt oss finn du også moglegheiter for kajakkpadling og spektakulære oppstigningar i fjordlandskapet.

Bur du i Sogndal eit år treng du ikkje lure på kva du skal bruke fritida di på.

Her finn du oss:

 

Livet på folkehøgskule

Sjølv om du søkjer på ei spesifikk linje består kvardagen på folkehøgskule av mykje meir. Gjennom fellesfag og valfag får du gjennom året lære og prøve eit mangfald av aktivitetar.

Ei vanleg veke på Sogndal folkehøgskule har gjerne 3-4 dagar linjefag. Då er ein ute på tur, gjennomfører prosjekt eller andre aktivitetar. Resten av dagane går med til valfag og fellesfag. Litt tid må også brukast på nødvendige gjeremål, som vasking og rydding.

Valfag er små sidefag du vel sjølv. Me har eitt breitt utval av fag du kan prøve deg på, fag som skil seg frå det du elles arbeider med på linja di. Valfaga er organisert i periodar.  Ta gjerne ein kikk på valfagsida for å sjå noko av det du kan velje mellom! Valfagstilbodet kan endre seg noko frå år til år, avhengig av lærarstaben.

I tillegg til linjefag og valfag står fellesfag på timeplanen. I desse faga jobbar alle elevane saman om eit tema over fleire dagar, t.d. film, det gode liv, internasjonale spørsmål. På laurdagar har me ofte spennande gjester på besøk. Like etter skulestart har me fellestur på Sognefjellet, og i mai, før skuleslutt, "cruisar" me på den spektakulære Sognefjorden i to dagar.

På vekedagane startar frukosten kl. 07.30. Så benkar me oss til morgonsamling 08.30 og dagen er i gang! Det er middag kvart over tre. Ettermiddagen kan vere fylt med valfag, elevkveldsøving eller andre frivillige aktivitetar. Du kan spele sjakk i peisestova, sjå film, sykle bort i klatrefeltet eller ta deg ei treningsøkt. Kveldsmat blir servert 19.30.

Sjølv med eit mangfald av aktivitetar og erfaringar gjennom året, er livet på internatet den største og ofte mest lærerike biten. Det å bu tett på andre menneske, og å heile tida ha vennene sine tilgjengeleg gir unike erfaringar som vi trur alle lærer mykje av og kan ta med seg i resten av livet.