Tilsette
Me er ein engasjert gjeng som brenn for at skulen vår skal vere innoativ og av kvalitet og me gler oss til kvar dag!
Paul er bautaen på skulen. Tindevegleder, ein kløppar på fyrstehjelp, fjellgeit og fiskar. Kva meir tenkjer du? Kunstnar! Jepp, Paul malar, teiknar og er kreativ som få. Han elskar snø og tek gjerne med ein klasse på snøholetur sjølv om gradestokken bikkar dei 20 kalde.
Inspektør
Mail: paul@sogndal.fhs.no
Tlf: 952 06 133
Elise har kontrollen på det meste og dei fleste. Ho sit strategisk plassert, er lett å nå og gliser bredt når du kjem. Då veit ho at ho kan få slått av ein god prat, hjelpt deg med posten, studielån eller smått og stort som dukkar opp gjennom året. Ho pratar «innfødd», bur i sentrum med mann og tre born.
Kontorleiar
Mail: elise@sogndal.fhs.no
Tlf: 992 37 623
Renate er reservemammaen for alle elevane, ho kan vere streng, men har og eit hjerte av gull. Ho er den du kan snakke med, enten du har kjærleikssorg, syns livet er tungt eller berre vil ha ein klem. Renate strør glede til alle med små quotes rundt omkring på skulen, men ikkje lat deg lure - ho kan og finne på mykje sprell!
Internatleiar
Mail: renate@sogndal.fhs.no
Tlf: 958 36 613
Tanita er «sjefskokka» vår og styrer kjøken med trygg hand. Dette er dama som er like rå på mat som sin smittande latter. Ho er oppteken av at maten skal både sjå god ut, smaka godt og gjere godt. Ho bur med ein stor arbeidskar og ein liten, så ein avstikkar må til ein gong i blant. Tanita overraskar stadig- enten det er med sprell eller noko godt på bordet. Me torer ikkje å sprella for mykje, for me veit at hemnen er søt.
Kjøkkenleiar
Mail: tanita@sogndal.fhs.no
Pål med Å, er den småhengslete, stille fyren som kjem med lange skritt over plassen. Men ikkje lat deg lura! Han har eit uendeleg engasjement og er ivrig på det livet har å by på. Han er oppteken av å få ut det beste i alle oss rundt han. Det gjer han med eit glimt i auge og ein treffande kommentar. Det er utruleg lett å bli glad i denne talentfulle, rolege karen med allsidige interesser.
Linjelærar Friluftsliv
Mail: paal@sogndal.fhs.no
Tlf: 482 67 398
Tale sprudlande Tale. Ho har alltid eit mål, ein topp, ein rekord eller ein ny ting ho berre må prøve. Dama frå Hardanger har mykje å by på og verdas finaste dialekt. Om det er i kajakk, eller ein fjellvegg, på klatrefeltet eller på løpetur(!) for å sanke toppar, so får ho alt til å sjå leikande lett ut. Ho har samla vaksenpoeng i fleng siste året med både giftarmål og ein liten kar springande heime.
Linjelærar Friluftsliv Noreg
Mail: tale@sogndal.fhs.no
Tlf: 404 50 763
Helge er vår eigen Byggmeister Bob. Kan det fiksast? Klart det kan! Og om ikkje han kan fiksa det- ja då er det ikkje verdt å behalde det lenger. Vaktmeistaren vår ser du- han går i arbeidskle og heimastrikka matchande hua. Han veit kvar alt er og har nøklar til alle dei 400 og noko dørene ved skulen. Han er eigentleg snekkar, men han veit det meste om bilar, slukar, kraner, syklar og vaskemaskiner som me andre berre kan drøyme om.
Vaktmeister
Mail: helge@sogndal.fhs.no
Telefon: 991 18 662
Marija er assistenten på skulen og kva skulle me gjort utan ho! Det skal noko til å halde hennas tempo gjennom dagen. Ho og familien er frå Kroatia, og kom hit for nokre år sia. Sjølv om ho ikkje snakkar så mykje norske ord endå, so tek ho det igjen i kroppsråk og teikn. Det er aldri vanskeleg å spørje henne og ho er blid som ei sol. Det er ei dame med mange talent og negledesign er ei av mange ting ho kan bortsett frå å male, vaska, lage mat og snakke fleire språk.
Internatassistent
Hege er vår rocka kokk og vår einaste "norske danske". Hun diskar opp med rettar du mest truleg ikkje har ete for mykje av- og er ikkje redd for verken krydder eller det utradisjonelle på bordet. Det er ikkje berre å koke Hege kan, ho er utdanna designer og kan sy alt frå brudekjole til bunad. Så enten du treng tips til mat på bål, eller draumar om å sy eiga skjorte, så kan du gå til ho. Ei real dame med mange talent!
Kokk
Mail: hege@sogndal.fhs.no
Hendrik hard utanpå, men mjuk som ein ulldott på innsida. Her er VM meistaren i orientering og møbelsnekkaren på skulen. Ingen ler høgare enn Hendrik når han vert parodiert. Hendrik tek seg ikkje så høgtideleg, men det er ingen tvil når han meiner alvor. Han er den du vil hamne i snøstormen med, eller bli sikra av i klatreveggen, for han er internasjonalt godkjent UIAGM/IVBV Tindevegleiar.
Linjelærar Ski og klatring
Mail: hendrik@sogndal.fhs.no
Telefon: 995 39 267
Vibe er idrettsstjerna vår. Her manglar det ikkje på kreative måtar å bevega seg på! Trivsel og samspel står dessutan sentralt for Vibe. I hjartet av Sogn har denne turboen frå Danmark funne sitt paradis. Her kan ho starte dagen med eit hopp i fjorden, sykle til jobb, jogge til fjellet, spenne på ski til toppen, ta litt Yoga og meditasjon før det susast ned bratte fjellsider mens pudderet står rundt ho. Vibe er dessutan knakande god på dessertar.
Linjelærar Idrett
Mail: vibe@sogndal.fhs.no
Telefon: 462 96 898
Martin er «dorsken» vår og meir tradisjonell nordmann enn dei fleste. Det går i sau, tradisjonell økologisk gardsdrift og ullgensarar. Martin har eit stor engasjement og er god på å sjå løysingar, gjerne med gitaren i eine handa. Sykling og ski er grunnen til at han hamna i Sogndal, men grunnar for å bli vart heilt andre. Treng du tips til den lokale vinterruta, spør Martin, han er snøskredvarslings-observatør og kjenner nabolaget godt.
Linjelærar Friluftsliv topptur / Ski, sykkel og surf
Mail: martin@sogndal.fhs.no
Telefon: 976 57 451
Sivelin er trønderen som forelska seg i Sogndal og vart verande. God musikk, god stemning og glade fjes- då veit du kven som er på plass. Ho teiknar, måler, syr og er kreativ som få. Men tru endeleg ikkje at denne dama sit mykje i ro, ho susar ned og bortover på ski, tek turen over brevatnet på truger og får fart på sykkelen sin! Eit råskinn på revy og ærleg tvers gjennom. Kva ville måndagane vore utan « god morgon og velkomne til ei ny og spanande veke på Sogndal FHS».
Linjelærar Foto Friluftsliv
Mail: sivelin@sogndal.fhs.no
Telefon: 971 66 977
Frida er vårt friske pust og diskar opp med pianospeling og «og’ stæmning»! Dette er bergensaren som stammar frå Lærdal og er derfor det næraste du kjem ein stillferdig bergensar. Men vekkjer du engasjementet i henne- då har du gjort det. Ski er ho god på, og fjellskia er godt brukte. Ho brenn for gjenbruk og miljø. Dette er ei festivaldame som trivast godt i telt, men tek deg gjerne med på ei reise i den musikalske verda, enten det er gjennom allsong eller musikklytting.
Linjelærar Friluftsliv topptur (permisjon)
Ole Karsten er sjølvaste rektor, men ingen tradisjonell rektor! Han er høgast i klatreveggen og uslåeleg i bordtennis. Er det snø, kombinert med sol, ser du ryggen hans på veg til fjells. Han syklar gjerne med på tur, viser deg akrobatiske kunstner og linebalansering. No lengtar me alle etter å få bli med til hytta hans på Kalymnos, med den vakre seglbåten hans "Stjerner i sikte".
Rektor
Mail: olekarsten@sogndal.fhs.no
Tlf: 95032287