Personvernerklæring

31.05.2018

 

1. Om Sogndal folkehøgskule

Eigar av denne nettsida er: Stiftinga Sogndal folkehøgskule, Helgheimsvegen 9, 6856 Sogndal. 
Epost: sogndal@sogndal.fhs.no . Vårt org. nr er: NO 995 550 105.  


2. Føremålet med vår handsaming av personopplysningar

I samband med elev/kursdeltakar forhold må vi innhente opplysningar som namn, adresse, epost, telefonnr, og anna nødvendig informasjon.

I samband med påmelding til arrangement må vi innhente opplysningar som namn, adresse, epost, telefonnr,

Dette er opplysningar vi utelukkande nyttar for å handtere ditt forhold til skulen. Vi tek vare på opplysningane så lenge vi har eit elev/kursdeltakarforhold eller fram til eit arrangement er avvikla . Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg. Etter endt elevforhold/kurs/arrangement vil vi ta vare på data så lenge vi ser det hensiktsmessig for å hjelpe deg med eventuell historikk eller anna kommunikasjon om du skulle ha behov for det.

3. Utlevering av personopplysningar til tredjepart

Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.


4. Elev/kursdelatakarregister

Vårt elevregister inneheld opplysningar om eleven/kursdeltakaren og informasjon om kontaktpersonar til eleven med namn, epost og telefonnr. I tillegg lagrar vi opplysningar om kva tenester og kurs eleven/kursdeltakaren har delteke på. Desse blir lagra i vårt system så lenge det er tenleg for oss. Ønskjer du å få oversikt over kva vi har lagra og evt. bli sletta frå vårt elevregister, sjå kapittel om sletting under. 
 

5. Informasjonskapslar

Sogndal folkehøgskule nyttar informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at vi kan setje desse i din nettlesar. Med informasjonskapsler kan vi registrere hvordan du bruker folkehogskole.no, og vi kan løpende forbedre nettsidene slik at de blir enklere og bedre å bruke.
Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi nyttar denne kunnskapen for å tilby deg ei betre oppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar, som Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari etc, er innstilt slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere cookies må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.


6. Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida

Eigar: Squarespace/Google Analytics
Føremål: Nettstatistikk.
Sogndal folkehøgskule samlar inn anonymiserte opplysingar om besøkande på sogndal.fhs.no. Verktøyet vi nyttar for å innhente denne statistikken er Google Analytics.
Vi samlar inn nettstatistikk for å forbetre nettstaden og måle kor godt det fungerer. Eksempel på kva statistikken gir svar på, er kor mange som sjå nettstaden, kva sider som blir sett, kor lenge det varar, kva nettstader brukarane kjem frå og kva nettlesarar som blir nytta.

Les meir om Google analytics og personvern her

Eigar: Vimeo
Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på sida.

Eigar: YouTube
Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på sida.


7. Behandling av informasjon i søknader

Søkjer du plass på Sogndal folkehøgskule registrerer vi blant anna namn, fødselsnummer og kontaktinformasjon. Formålet med registreringane er å administrere din(e) søknad (er) til dei ulike folkehøgskulane. Opplysingane blir lagra i WisWeb som er dei einskilde folkehøgskulane sitt administrative system. Du må ta direkte kontakt med skulane du har søkt på om du ønskjer utskrift av personopplysingane som er lagra om deg.
 

8. Deling

Det er muleg å dele artiklar på nettsida i sosiale medium (Facebook, Twitter). Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.
 

9. Innsyn, retting og sletting av personinformasjon

Etter personopplysningsloven § 18 har du som privatperson krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om deg. Innsyn kan ein få ved å henvende seg til Sogndal folkehøgskule på epost: sogndal@sogndal.fhs.no. Dersom registrerte opplysningar er uriktige, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan ein krevje dette i henhold til personopplysningsloven § 27.  


10. Ansvarleg databehandlar

Rektor på Sogndal folkehøgskule er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar til einkvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern.

Har du spørsmål, ta kontakt på sogndal@sogndal.fhs.no