Ski og klatring

To studieturar

Sportsklatring i Sør-Europa om hausten og skikøyring i Alpane om våren.

Drøymer du om å gå på topptur og køyre på ski i endelaust pudder? Eller klatre bratte fjellveggar med utsikt over Sognefjorden?

I Sogndal kan me køyre laussnø om dagen og kose oss med klatring i eit av Nordens flottaste klatreanlegg på kveldstid. Du lærer mykje gjennom spennande og utfordrande turopplevingar i fantastisk natur.

På linja ski og klatring får du med deg den beste og brattaste naturen Vestlandet har å by på, sportsklatring i Sør-Europa om hausten og skikøyring i Alpane om våren.

For å gå på denne linja må du vere i alminneleg god form, ha treningsvilje og kunne stå på ski.

Linjelærar


Trivst du med å henge høgt i tau, eller renne langt og fort på ski i laussnøen?


Naturen i Sogn er storslått og variert, med utallege klatre- og skimoglegheiter. Før snøen kjem er det klatring som gjeld og du må vere villig til å klatre mykje. Øving gjer meister!

Spektakulære fasiliteter - både ute og inne

Me har fleire klatrefelt å velje mellom rundt Sogndal. Det næraste er Kvam (berre 10 minutt å sykle frå sentrum) som har over 300 klatreruter! Klatreveggen i Sognahallen,"The Wall", held aller høgste internasjonale standard og er eit godt alternativ når vêret ute blir for heftig.

Når snøen kjem er det ski for alle pengane

Sogndal er eit eldorado for randonnée og telemarkskøyring. Gjennom vinteren vert du lommekjent i eit av dei beste toppturområda i Noreg.

Me har fokus på sikkerheit og skredfare slik at me kan nyte dei beste nedfartslinjene på ein god og sikker måte. I løpet av året vil du lære nok til å kunne reise på eventyr med ski på beina på eiga hand både i inn- og utland.

Snøsikre Sogn

Snøen ligg lenge, og Sogndalsfjella er særs snøsikre; me har vanlegvis mykje snø og gode skitilhøve frå november til mai. Hurrungane (Jotunheimen), Jostedalen og Breheimen ligg også rett utanfor døra.

Velkomen til eit år som vil gi både kunnskap og vennskap for livet.

 

Eit år i Sogndal sett spor.
Menneska. Naturen. Opplevingane.
Send din søknad til Sogndal folkehøgskule no

På Ski og klatring reiser me på studieturar både vår og haust


Utforsk solvarme klipper

Om hausten dreg me til ein av dei store klatredistinasjonane i Sør-Europa ved Middelhavet. Dei siste åra har me vore i blant anna Arco i Italia og Opierre i Frankrike.

Du får utfordra deg på solvarme klipper i flotte omgjevnader, samtidig som du vil oppleve framand kultur, og styrkjer venskapen med resten av klassen.

Nyt skidestinasjonen Alpane

Studieturen om våren går til ein av dei store skidestinasjonane i Alpane. Her får du moglegheit til å køyre både i heis, og utforske nye område for offpiste og topptur.

Moglege reisemål er Sölden/ Austerrike, La Grave / Frankrike og Dolomittane/ Italia.

Utstyrsliste

  • Dersom du manglar utstyr rådar vi deg til å vente med innkjøp til du kjem til Sogndal. Du får råd og tips av oss om kva utstyr som er lurt å ha. Så tek vi ei fellesbestilling - det vert billegere for deg dersom du ikkje har nokre spesielle avtaler med butikkar eller produsentar frå før.

    Klatreutstyr er personleg, og det er viktig at du skaffer deg utstyr som er praktisk og sikkert. Vi hjelper deg med det dersom du manglar noko.

    Til vinteren skal vi vere ute i snø og på is, og då treng du kle og ski. Det vil sei randonnée-ski, dette er ski med bindingar til å gå i motbakke med. Eller telemarkski til offpiste-køyring.

    • Klatresko

    • Sittesele

    • Taubrems, vi anbefaler Edelrid Jul 2

    • 3 skrukarabiner + 2 karabin uten skru

    • Slynger (viss du har)

    • Klatrehjelm

    • Fjellstøvlar

    • Skiutstyr: type toppturski med gå-funksjon og feller

    • Snøspade og søkestang

    • Skredsøker

    • Solbrille og skibrille

    • Skihjelm

    • Lue, ullundertøy og vottar

    • Termos

    • Hovudlykt

    • Treningstøy

  • På ein del turar skal vi overnatte ute. Her treng du:

    • Sovepose

    • Liggeunderlag

    • Ryggsekk (30-40liter)

    • Bestikk, kopp, tallerken

    • Hovudlykt

    • Kompass og kartmappe

    • Sykkel til undervisning og friti