Friluftsliv topptur
Studietur
Etter hausterien tar me toget sørover og reiser på fjelltur i Alpene.
På våren reiser me i Noreg der snøen er best! Me kjem til å pakke bilane for å legge ut på eventyr. Forholda og snøen bestemmer vår endelege destinasjon.
Drøymer du om å nå spektakulære og luftige fjelltoppar? Vil du køyre ski i ei silkemjuk, sporlaus fjellside med puddersnø? Då bør du lese vidare her.
Før snøen kjem vil beina ta oss til topps, både her og i Alpene. Turane vil variere; frå dagsturar med lett sekk, til større oppakningar med telt, sovepose og god mat. Du får også delta på brekurs, slik at me kan nå dei mindre tilgjengelege toppane.
Lær deg kart og kompass
Kunnskap om kart og kompass, fyrstehjelp og teltliv er nødvendig for å kunne ta vare på seg sjølv og andre i krevjande vêrforhold. Dette vil difor vere tema gjennom hele året. Når dagene blir kortere og veret ruskete, vil me reise på surfetur til Hoddevika og klatre inne. Kanskje er det også tid for å førebu lår til vinterens lange økter i puddersnøen?
Linjelærar
Meir om linja
Eit år i Sogndal sett spor.
Menneska. Naturen. Opplevingane.
Send din søknad til Sogndal folkehøgskule i dag.
Opplev verdas beste snø
På vinteren og våren er det toppturski som gjeld. Me spissar skiferdigheitane på skisenteret og får ei god innføring i skredtryggleik. Sogndal har verdas beste snø, og fjell som inviterer til skiturar heile vinteren. Me har rå skogskjøring, med moglegheit for både hopp og dropp, og lange nedkøyringar som let deg kruse fine svinger.
Den vakreste tida i Sogn
Våren er den vakraste tida her i Sogn. Epletrea blomstrar og det er vår nede ved fjorden, men framleis snø og slush i fjellet. Me byrjar gjerne dagen med ein skitur i solsteiken, før me avsluttar med bad og grilling ved fjorden.
Nå toppen som eit lag
Nokre dagar reiser me tidleg på tur for å få med oss dei første solstrålane som treff rimkrystallene på snøen. Turen opp og ned er ein like viktig del av opplevinga som sjølve toppen. Linja er eit lag, som gjennom trening og øving, blir rusta til å møte nye utfordringar. Den beste kjensla i verda er når heile laget når målet og ein står saman i den sterke opplevinga.
Studietur Friluftsliv Topptur
Etter haustferien set me oss på toget i retning Sør-Europa!
Sjølve reisa er ein viktig del av turen, og me stoppar undervegs for å besøkje spennande plassar! Me vil oppsøkje fjell og fjellområder som byr på høgare toppar enn her i Noreg. Kombinasjonen av nye fjell og natur, med ny kultur og fantastisk mat er uslåeleg.
På våren reiser me dit snøen er best i Noreg
Me pakkar bilane og legg ut på ein to vekers roadtrip, på leit etter landets beste snø. Forholda og snøen bestemmer vår endelege destinasjon. På vegen nordover stoppar me kanskje i Sunnmørsalpane eller Romsdalen og får med oss nokre av dei klassiske toppturane.
Utstyrsliste
-
Til eit aktivt år med friluftsliv i utfordrande vestlandsnatur treng du ein del utstyr. Oversikta nedanfor dekker det du skal ha av personleg utstyr.
I nokon grad kan du sy ditt eige utstyr på skulen. Hugs elles at gamalt godt utstyr oftast gjer same nytte som siste modell, så leit på loftet eller lån av dei næraste!
-
Ryggsekk, minst 70 liter.
Dagstursekk, 30 til 40 liter.
Sovepose (komforttemp. - 20º)
Liggeunderlag (min. 14mm tjukt)
Vind- og vanntett jakke
Vind- og vanntett bukse
Turbukse
Gamasjer
Fjellsko med høg ankel
Hua
Buff / skjerf
Tjukk ullgenser
Tjukk dunjakke
2 sett ullundertøy
Ullvottar
Vindvottar
Tallerken og bestikk til å ha med på tur
Drikkeflaske som tåler kokande vatten
Hovudlykt
Gode dekkende solbriller
Kartmappe
Kompass (360grader)
Skrivesaker
Termos
Førstehjelpsutstyr (minimum sportstape, gnagsårplaster, enkeltmannspakke og smertestilllande)
-
Randoneeski
Skistøvler
Skistaver
Snøspade
Søkestang
Sender/mottaker eller skredsøker
Skifeller
Snøbriller
Fotposer
Lakenpose
Sovepose (komforttemp. - 20º)
Martin er «dorsken» vår og meir tradisjonell nordmann enn dei fleste. Det går i sau, tradisjonell økologisk gardsdrift og ullgensarar. Martin har eit stor engasjement og er god på å sjå løysingar, gjerne med gitaren i eine handa. Sykling og ski er grunnen til at han hamna i Sogndal, men grunnar for å bli vart heilt andre. Treng du tips til den lokale vinterruta, spør Martin, han er snøskredvarslings-observatør og kjenner nabolaget godt.
Linjelærar Friluftsliv topptur / Ski, sykkel og surf
Mail: martin@sogndal.fhs.no
Telefon: 976 57 451