Velkommen til ei ny og spennande veke på Sogndal folkehøgskule!

Dette er frasen som du blir møtt med kvar mandag på morgonsamling om du blir elev hjå oss til hausten. Vi er i midten av januar og det nærmar seg 1. februar med stormskritt. Du har kanskje lagt igjen ein søknad hjå oss allereie og teller ned til når opptaket startar? Eller kanskje er du nysgjerrig på kven vi er og studere heimesida opp og ned for å finne linja som passar best til deg? Uansett om du har søkt til no eller ikkje - velkommen som søkar til oss!

Korleis søke?
Gå inn på folkehøgskole.no/sogndal, finn linja du vil gå på og klikk deg vidare. Her skriver du litt kort om deg sjølv, kva du har gjort tidlegare, kva du lika å finne på og kva du håpar å få ut av skuleåret - slik at vi blir betre kjent med deg! Så fyller ein ut nødvendig informasjon som namn, fødsel- og personnummer og lignande og sender inn søknaden! Så enkelt som det! :)

Kva skjer no?
Etter du har sendt søknaden til oss så vil du fram til 31. januar få ein e-post frå rektor Ole Karsten om at vi har motteke søknaden din og litt anna informasjon. Så kjem vi til the big day: 1 februar! Denne dagen sender vi ut sms og e-post fortløpande til alle som får tilbod om skuleplass hjå oss. I tillegg sender vi dette per post. Da har du 10 dagar svarfrist på å bestemme deg for om du vil ta i mot plassen eller ikkje, men svar gjerne så fort du har bestemt deg! Om du takkar ja får du ei skriftleg stadfesting om at du har skuleplass hjå oss, i tillegg får du ein invitasjon til ei Facebook gruppe for skuleåret ditt. Før skuleåret startar blir denne brukt til litt informasjon frå skulen, alle tilsette og stipendiatene fortel litt om seg sjølv og du blir kanskje litt kjent med dei som blir dine med-elevar. Når skuleåret starter blir denne gruppa ein av kanalane der informasjon blir gitt.

Rullerande opptak
Dei linjene som er mest populære fyllast raskt opp, men vi har rullerande opptak fram til skulestart så lenge vi har ledige plassar. Vi håpar at vi ser deg på tunet hjå oss i august!

Om du har noko spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt, om det er med læraraen på linja du er nysgjerrig på eller om du har spørsmål om rom, økonomi eller mat!

Foto: Silje Fløtre Reed, stipendiat Fotoreise skuleåret 20/21

Previous
Previous

Stipendiat 2021-2022

Next
Next

9. januar 2021 - Gratulerer med dagen!