Stipendiat 2021-2022

Stipendiatplassar  for skuleåret 2021-2022.

Sogndal folkehøgskule ønskjer søkjarar til stipendiatplassar for komande skuleår.

Å vere stipendiat er for deg som har gjennomført eit år på folkehøgskule og som ønskjer eit andre år der du får utfordra deg sjølv i nye læringssituasjonar. Det gjeld både som medhjelpar  i undervisningssamanheng og som miljøskapar.

Vi ønskjer søkjarar som kan delta i undervisning på linjene, i fellesfag, valfag og som i tillegg er motiverte for å bidra til eit aktivt og utviklande miljø på skulen.

Skulen har følgjande linjer: Fotoreise, Friluftsliv, Friluftsliv Noreg, Ski og Klatring, Ski og Sykkel og Idrett. Sjå www.sogndal.fhs.no

I søknaden ber vi deg skrive utfyllande om deg sjølv, dei faglege kvalifikasjonane og erfaringane dine og kvifor du ønskjer å vere stipendiat.

Dei som er aktuelle vert kontakta for ei samtale.
Som stipendiat  har du rett til stipend og lån i Lånekassa.
Ta kontakt med skulen for ein prat om du er interessert.
Tlf. 57 62 75 75.

Søknad sendast til sogndal@sogndal.fhs.no innan 05. mars 2021

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Previous
Previous

Morgensamling fra familiene 26 februar 2021

Next
Next

Velkommen til ei ny og spennande veke på Sogndal folkehøgskule!