9. januar 2021 - Gratulerer med dagen!

Dagen vi har telt ned til so lenge, dagen der det var planlagt eit stort arrangement for å starte jubileumsåret vårt.
Dagen der Sogndal folkehøgskule blei 150 år,
9. januar 2021.

I staden for eit arrangement i dag så feirer vi skulen i rett corona stil.

Den 9. januar 1871 stifta Jakob Liv Rosted Sverdrup Sogndal folkehøgskule og blei med det ein av dei første folkehøgskulane i landet. Skulen starta i Sorenskrivargarden på Loftesnes, der bygninga framleis står i dag. Etter å ha vore tre år på Bahus i Sogndalsfjøra flytta skulen 15. november 1875 til Nes og fekk namnet Helgheim, der skulen fortsatt står i dag. I dag er det kun Haugehuset som står att på tunet av dei ordinære bygningane.

I 1871 var Sogndal folkehøiskole, som skulen heitte då, ein rein guteskule. Det første året starta 36 gutar og året blei fullført av 31 av dei. Først i april 1879 starta Henrik Mohn Dahl, styraren som overtok etter Sverdrup, opp med jentekurs. Og slik fortsatte det i fleire år med kurs for gutar frå oktober til tidleg april og jentekurs frå midten av april til midten av juli. I 1890 verkar det som ei endring på vinteren og vi ser at jenter deltar på det dei kalla “vinterkuset”. Fram til no hadde dette blitt kalla for “guttekurset”. Men jentekursa hald fram heilt til 1926. Ganske lenge var det separate internat slik at gutar og jenter var kvar for seg, men på slutten av 80-tallet begynte gutar og jenter å bu på same avdeling, noko dei framleis gjer i dag.

Tidlegare var det mykje meir praktisk-retta fag, men det blei meir og meir lagt vekt på å bli eit anleis år mellom studiar. Mange kallar det for eit friår frå karakterar og anna press dagens ungdom opplever.

I realiteten er det eit år der du får bli betre kjent med deg sjølv, lære deg ting du ikkje kunne so godt frå før og både dyrke eksisterande interesser og å få nye. Mange får vennskap som varer livet ut og vi har fått fleire historar om ektepar som blei kjærast mens dei gjekk her.


I dag består Sogndal folkehøgskule av 6 linjer;
Fotoreise
Friluftsliv
Friluftsliv Noreg
Idrett
Ski og klatring
Ski og sykkel

I år har vi 7 klassar, då vi har 2 klassar på linja Friluftsliv. Det er ingen tvil om at denne linja står høgt oppe hjå dagens ungdom og med den naturen vi har rundt skulen så er friluftsliv vår store styrke. Her kan elevane ta beina fatt og vere på Nuken kort tid etter, eller ta ein sykkeltur til klatrefeltet i Kvam. Ikkje minst er det kort køyretur til skieldoradoet i Sogndalsdalen der mange av våre ski-entusiastiske elevar (og rektor) går mykje på topptur.


Folkehøgskuleåret til no har vore spesielt på mange måtar og det var ikkje slik vi ynskja at jubileumsåret vårt skulle starte. Men vi gjer det beste ut av det og gledar oss til å feire at skulen vår er 150 år.


Gratulere so mykje med dagen!



Previous
Previous

Velkommen til ei ny og spennande veke på Sogndal folkehøgskule!

Next
Next

TV-aksjonen 2020