TV-aksjonen 2020

Den store TV aksjonen er avslutta og elevane våre har verkeleg gjort ein flott innsats i år! Dei starta prosjektet 100 FOR HAVET og varte frå 05.-18.10. Prosjektet gjekk, bokstavleg talt, ut på bestige so mange høgdemeter og fjelltoppar innan perioden var omme. Med seg på laget hadde dei sponsorar gjennom slekt og vener. Dei gjekk all in og samla inn meir enn 60 000,- kr.

For å mana sponsorar og halda motivasjonen på topp, gjekk enkelte hardare til verks enn andre. Det vart laga delmål som utfordra til ulike sprell. Etter kvart som måla vart nådde, vart det både snauklypte gutar, pannelugg på jenter og ikkje minst- to tatoveringar som ein berre kan kalle dedikasjon.

På sjølve aksjonsdagen stilte elever med stand og anna sprell i sentrum, saman med komiteen i Sogn og Fjordane. Skulen hadde også eigen dag der me blant anna dukka etter plast langs fjordstien, samt samla plast og søppel i Sogndal. Av alt vi fann laga me kunstverk og stilte ut på skulen. Her var det mange kreative innslag!

 

Resultatet vart langt over forventa, og pengane vart overrekt til WWF sitt arbeid for å bekjempe plast i havet- noko som gagnar heile verda. Skulen har sjølv sett korleis avfallsystem i Vietnam er ikkje eksisterande og heier for at infrastrukturen i Indonesia, Thailand, Vietnam og Filipinane skal utbetrast.

Det er utruleg moro å sjå korleis ungdommane mobilisera og står saman om ei betre verd for komande generasjonar.

Previous
Previous

9. januar 2021 - Gratulerer med dagen!

Next
Next

Matauk prosjekt høsten 2020