Ledige lærarstillingar frå 01.08.2021

Ledige lærarstillingar frå 01.08.2021

Sogndal folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule. Den ligg i hjarta av den finaste naturen Vestlandet har å by på. Alle våre linjer nyttar både fjell og fjord omkring oss aktivt. Vårt mål er å legge til rette for fagleg og personleg utvikling hjå elevane slik at dei betre kan ta ansvar for seg sjølve, for samfunnet og for miljøet. Sogndal folkehøgskule skal vere ein føregangsskule på berekraft, der undervisningsopplegga våre skal gi elevane håp og verktøy for å leve berekraftige liv. No treng vi fleire engasjerte lærarar.

Kvart år kjem det omkring hundre elevar frå inn- og utland for å fordjupe seg i sine interesser. Å jobbe som lærar hjå oss er givande, du vil i løpet av året ete, søve, le, reise og lære saman med motiverte elevar. Skuleåret er kort og intenst med turar, undervisning, helge- og kveldsarrangement og sosialpedagogisk arbeid. Lærarane har ansvar for å utvikla linjene dei skal undervise på. I tillegg blir det vektlagt at du har interesse og kompetanse som kan brukast i val- og fellesfag.

50% vikariat for skuleåret 2021-2022
Vi har ledig stilling som valfag- og fellesfaglærar. Vi ønskjer å ha stor breidde i valfagstilbodet vårt. Derfor vil vi vektlegge kompetanse i fag som musikk, andre kreative fag og berekraftig utvikling. Ta gjerne ein titt på heimesida vår, her finn du eksempel på noko av det vi tilbyr i dag.

100% fast stilling frå 01.08.2021:
Vi har ledig stilling på linja «Friluftsliv Noreg». Vi ønskjer ein lærer med undervisningskompetanse og erfaring frå friluftsliv i ulike miljø. Det vil være ein fordel å ha undervisningskompetanse til fleire av våre linjer.

80-100% vikariat for skuleåret 2021-2022
Vi har ledig stilling på linja «Ski og sykkel». Vi ønskjer ein lærar med undervisningskompetanse og erfaring innan stisykling, toppturar på ski, skredkunnskap og friluftsliv generelt.

80 % vikariat frå 01.08.2021 til 10.11.2021
Vi har ledig stilling som lærar på linja «Friluftsliv». Vi ønskjer ein lærar med undervisningskompetanse og erfaring frå friluftsliv i ulike miljø.

Kva ynskjer vi av kompetanse?

-          Erfaring frå skule, folkehøgskule eller liknande

-          Høgare utdanning innan relevante fag eller solid relevant erfaring

-          Pedagogisk utdanning

Sosialpedagogisk arbeid er integrert i stillingane; mellom anna som tilsynsvakt kveld/helg, og på ulike kvelds- og helgearrangement. Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtale for tilsette i folkehøgskulen. For meir informasjon om skulen, sjå heimesida vår www.sogndal.fhs.no.

Har du spørsmål om stillinga? Kontakt rektor Ole Karsten Birkeland, tlf. 950 32 287.

Send søknad med CV (i pdf format) på e-post til sogndal@sogndal.fhs.no, søknaden skal til styret for Stiftinga Sogndal Folkehøgskule.  
Attestar og referansar tek du med til eit eventuelt intervju.

Søknadsfrist 15. april 2021

Previous
Previous

Kjære vener av Sogndal folkehøgskule

Next
Next

Avslutning for skuleåret 2020-21