Kjære vener av Sogndal folkehøgskule

Jubileumsåret vart veldig annleis enn skulen og vi i komiteen hadde sett føre oss. Pandemien som framleis herjer sette ein effektiv stoppar for planlagde arrangement. Den store festen for tidlegare og noverande tilsette, elevar og gjester frå det offentlege Norge som var planlagd i januar er i det uvisse. Landsmøtet i Folkehøgskoleforbundet skulle vore arrangert på skulen i månadsskiftet mai- juni. Det  er avlyst og går digitalt.

Når mykje ikkje er muleg er det derfor med stor glede å melde at skulen i samarbeid med De Heibergske Samlinger har greidd å realisere ei utstilling i den gamle skulestova frå 1885,-  « Sogndal folkehøgskule gjennom 150 år».

Denne opner søndag 2. mai samstundes  med at museet er klar for ein ny sommarsesong.

Vi vonar at mange av dykk legg turen innom museet i løpet av sesongen og tek ein kikk inn i den gamle skulestova. Her vert de møtt av dagens elevar som ønskjer velkomen. Så vandrar de bakover i tida. 150 år er lang tid og mange detaljar og kapitlar i  historia er det ikkje funne plass til.

Vi har lagt vekt på å synleggjere nokre av dei sentrale personane som stod i bresjen for etableringa av skulen, dei viktigaste milepelane i utviklinga av skulen og korleis skulen sitt innhald og elevgrunnlag har endra seg i takt med storsamfunnet.Samstundes får ein glimt inn i skulekvardagen gjennom møte med einskildelevar frå ulike tidsepoker.

Så vonar vi at hausten gjer det muleg å ønskje velkomen til fleire jubileumsarrangement.

For jubileumskomiteen

Mai- Evy Bakken

Previous
Previous

Foreldrehelg er flytta til avslutninga i Mai.

Next
Next

Ledige lærarstillingar frå 01.08.2021