Avslutning for skuleåret 2020-21

Tenk, no er vi i midten av mars allerede. Elevane våre skal straks på studietur før det er ekstra lang påskeferie. Når dei er tilbake her er det plutseleg kun 4 veker igjen av skuleåret. Det nærmar seg difor avslutning og fleire har begynt å høyre om dei skal bestille overnatting.

Dette er diverre ikkje eit spørsmål som vi kan svare på i dag, sidan det kan endre seg raskt når det gjeld covid-19. Vi har vore veldig heldige her i Sogndal med lite smitte i lokalsamfunnet og dette året har gått veldig bra til tross for at vi er midt i ein pandemi.

Nyleg sa statsministeren at ho håpar at kvardagen er normal i mai. Vi er spente på om vi får gjennomført ein vanleg avslutning i gymsalen vår, om vi må vere utandørs eller om ein må begrense det ned til eit minimum.

Uansett er dette noko vi vil oppdatere dykk om etterkvart som det nærmar seg og vi veit korleis situasjonen er i resten av landet.
Ein ting er sikkert og det er at elevane skal heim med alle tinga sine. :)

Bilete under: Silje Fløtre Reed.

Previous
Previous

Ledige lærarstillingar frå 01.08.2021

Next
Next

Morgensamling fra familiene 26 februar 2021