Bu på Sogndal folkehøgskule i sommar!

Kvar sommar gjere me Sogndal folkehøgskule om til Sogndal Bed & Breakfast! Du søv på romma som er internatene til elevane i skuleåret og du et frukost i matsalen der rundt 100 elevar et (nesten) alle sine måltid i.

Viss du har ein draum om å oppleve litt folkehøgskule, men ikkje har fått anledning til det, so er du hjerteleg velkommen til å bu hjå oss i sommar!

Me har flotte fasiltetar på området vårt og lika å sjå på området vårt som ein oase rett utanfor sentrumskjerna av Sogndal. Og sjølv om det er bilveg attmed oss, so tenkjer ein ikkje so mykje over dette når ein slappar av i eplehagen vår på hengekøye eller solstolane våre (som forøvrig er laga av eit elevkull).

Rett over vegen har me ei brygge med stige som er flott å både frå. Via Sogndal Turlag si heimeside kan du leige kajakker som ligg her. Ellers er det kort veg å gå til Dampskipskaien via Fjordstien for noko kaldt å drikke og god mat i magen!

Me opnar for sesongen frå 26.juni og har opent til og med natt til 14.august. Velkommen skal du vere, me håpar at me ser deg i sommar! :)

For info om prisar og meir informasjon på kva du kan finne på i Sogndal og Indre Sogn kan du lese her.

For bestilling av rom:
Bestill direkte her: https://reservations.visbook.com/8271?lang=no
eller ta gjerne kontakt med oss på e-post: sogndalbandb@sogndal.fhs.no
Frå 26. juni er me å treffe på: 913 09 714



Previous
Previous

Velkommen til skulestart

Next
Next

Du kan nå gå 1/2 år på Sogndal folkehøgskule!