Velkommen til skulestart

No nærmar skulestart seg for kvar dag som går og alle på tunet vårt gledar seg til at det blir fult opp med nye elevar. Me er klare for å ta i mot elevane frå klokka 10:00 på søndag, men det betyr ikkje at ein må vere her når klokka er 10:00. Mange har lang køyreveg, so det gjere ingenting at ein kjem ut på ettermiddagen. Men me anbefaler at ein ikkje kjem for seint for elevane sin del :)

Under ser du eit program over søndag:

  • Klokka 10:00 Me står klare til å ta i mot dykk.

  • Klokka 15:00 Rektor Paul har eit informasjonsmøte for foreldre i A-salen (frivillig)

  • Klokka 18:30 Internatlærar har eit møte med internatene sine

  • Klokka 19:00 Kveldsmat i matsalen

  • Klokka 20:00 Velkomst i Amfiet

    Ellers vil det vere aktiviteter gjennom heile dagen. alt frå kreative aktiviteter til meir aktive aktiviteter.


Me ser fram til å starte eit nytt skuleår her på Sogndal folkehøgskule!

Previous
Previous

Velkomen til familiedag laurdag 25. november 2023.

Next
Next

Bu på Sogndal folkehøgskule i sommar!