Sogndal Bed & Breakfast treng tilkallingsvikar reinhald!

Sogndal Bed & Breakfast er klar for ny sesong med sommargjester på tunet vårt og me treng DIN hjelp for å få tilby best mogleg oppleving for gjestane våre! Me er på jakt etter deg som er eit JA-menneske og tar i eit tak når det trengs. Du er positiv, smilande og er klar for å gjere ein god jobb.

Me veit aldri heilt korleis sommaren hjå oss blir, somme dagar er det roleg og somme er det hektisk – men me håpar jo verkeleg på det siste. 😊 Difor treng me deg som tilkallingsvikar som me kan kontakte når me ser at me treng fleire på jobb. Nokon gonger veit me det litt i forkant, andre gonger kan du bli spurt same dag.

 

Hovudoppgåva blir reinhald av rom og fellesareal med det som høyrer til.

Me opnar for fullt den 27. juni og treng tilkallingsvikarar til og med 14. aug. Men me treng også fleire i veke 32 når me har stengt for gjester når me skal klargjere oss til folkehøgskule att.

 

Me ynskjer at du er minimum 16 år og kan kommunisere på norsk (både skrifteleg og munnleg). Me følgjer tariffavtalen til NHO Reiseliv.

 

Ta kontakt med underteikna på e-post eller telefon, så tar me ein prat!

Kontaktinfo:
elise@sogndal.fhs.no

99 23 76 23

 

Mvh

Elise Hjelleflat Barsnes
Sogndal Bed & Breakfast / Sogndal folkehøgskule   

Previous
Previous

Takk for dette skuleåret, og god sommer!

Next
Next

Foreldrehelg er flytta til avslutninga i Mai.