Sogndal fhs koronainformasjon

Torsdag 12. mars kom beskjeden om at alle Norges skuler skulle stenge som følgje av koronaepedemien. Me fyller 150 år i 2021, og har kun vore stengd ein gong før- under 2.verdskrig.

Det var difor vemodig å skulle sende heim elevar midt i det som skulle vore ei veke med spenning og veksande forventingar til komande studieturar. I staden venta ein heilt ny digital kvardag med bratt læringskurve for ein gjeng aktive friluftsfolk. Etter ei veke opplever me dei same motiverte og kjekke elevane som deltek så godt det lar seg gjere.

 

UNDERVISNING

Alle skuler også folkehøgskule, er pålagd å ha undervisning i den tida skolebygga er fysisk stengd. Det er fyrste gong i vår historie at me byter ut fjell, bre og fjord med ein dataskjerm.

Me har laga ein plan for å gje oss eit samlingspunkt i kvardagane framover. Me ynskjer å få maksimalt ut av dei vekene me har igjen av skuleåret. Dette skal me klare saman!

Me legg ut ny vekeplan kvar veke som me har lagt so tett opp til kvardagen på skulen som mogeleg. Dagen er delt inn i tre, økta før og etter lunsj samt ein sosial digital økt på kvelden.

Som vanleg startar me med morgonsamling til vanleg tid, deretter fylgjer linje og undervisning i Zoom. Her får elevane foredrag og oppgåver dei skal løyse innanfor dei råmane dei har.

Etter lunsj vil det variere mellom fellesfag og valfag. Her kan eleven sjølv velgje kva dei deltek på, nett som på skulen.

Stipendiatane våre tek initiativ til ulike sprell i denne perioden og legg ut ulike oppgåver, oppfordringar og skapar stemning i ulike digitale rom eller på Facebook sida vår. Laurdagskvelden samlast me kl 20 for underhaldning i «peisestova».

Eksempel på timeplan så lenge det er digital undervisning:

AVSLUTNINGSPERIODE ETTER PÅSKE

Me vonar å starte opp igjen samla ved Sogndal folkehøgskule seinast onsdag 15. april kl 08:30.

Det er sjølvsagt ynskjeleg med ein god avslutning på eit flott skuleår. Me veit lite om avslutningsveka so lenge me ikkje veit kor lenge dette varer. Per i dag tek me utgangspunkt i at den vert som planlagd so kjem me med meir informasjon etter kvart.

ØKONOMI

Folkehøgskulene har, nett som resten av landet, blitt snudd opp-ned grunna koronaviruset. Leiinga jobbar med å avklare situasjonen og samtidig gje elevane våre eit så godt tilbod som mogleg under dei rådande forholda. Alle elever skal fortsetje å motta studiestøtta frå Lånekassen, slik som før, og reglar for omgjering til stipend, er som før, knytt til deltaking på skulen sine aktivitetar. Til me veit meir vil difor elevbetalingar faktureres som vanleg. Me kryssar fingrane og vonar me er raskt attende i ein normal skulekvardag.

Me kjem til å følgje Folkehøgskulerådet, folkehøgskulane sitt øvste organ, og dei anbefalingane dei gjer FHS framover. Me ber om forståing for at avklaringar rundt dette kan ta noko tid.

FORSIKRINGSOPPGJER ETTER KANSELLERTE STUDIETURAR

Leiinga ventar på nokre svar om refusjonar for kanselleringar knytt til studieturane. Det me ikkje får refundert vil eleven sjølv måtte ta gjennom si reiseforsikring. Skulen vil lage eit oppsett på reelle kostnader de skal søkje om. Det skulen har fått kansellert/ refundert vil også eleven få tilbake. Dette gjeld også dei kostnadene knytt til turen som skulen endå ikkje har betalt for. Denne oversikten/ dokumentasjonen vil kvar elev få god oversikt over etter kvart som alt er innkome. Det er også på bakgrunn av denne dokumentasjonen de kan sende forsikringsselskapet dykkar.

Me takkar elevar og deira næraste, for stor forståing i situasjonen kring dei kansellerte studieturane!

Informasjon kjem fortløpande etter kvart som me utarbeidar planer og får ny informasjon frå regjering og folkehøgskulerådet. Om de har spørsmål, kan de ta kontakt på tlf: 57 62 75 75 eller sende e-post til leiinga: sogndal@sogndal.fhs.no

 

 

 

Previous
Previous

Lærar friluftsliv 100 % vikar stilling

Next
Next

Haustsemesteret snart slutt