Folkehøgskulestart hausten 2020 - Coronatiltak.

Det er mange som er spente på skulestart til hausten. I år er det ekstra spenning knytt til Coronapandemien og eventuelle konsekvensar for oppstarten i august og skuleåret elles.

Vi på Sogndal Folkehøgskule har gjort nokre tilpassingar til situasjonen, men vi planlegg for at skuleåret bli nokså likt tidlegare år. Vi planlegg å starte skuleåret som normalt. Dette er basert på signal frå styresmakter og det faktumet at andre typar skular er i ferd med å opne opp igjen.

Den gradvise gjenopninga av samfunnet betyr at dersom dette fortset vil det vere klart for skulestart i august. Nokre endringar vil det likevel bli. I startfasen vil vi leggje opp til at elevane held seg mest saman i ein ti-dagersperiode og ikkje blandar seg med lokalbefolkninga før vi veit at elevane er symptomfrie.

Dette er både for å verne elevane og lokalsamfunnet. Det har vore minimalt med coronasmitte i Sogndal. Her har det vore berre nokre få tilfelle som har blitt oppdaga tidleg og spreiinga hindra. Det har ikkje vore nye tilfelle sidan slutten av mars.

Dei linjene som har utlandstur på hausten reiser istedenfor til våren, og vi reiser ikkje før vi får klarsignal frå styresmaktene om at det er forsvarleg. Her er det fleire faktorar som speler inn, blant annan korona-situasjonen i dei landa vi planlegg å reise til. Dette vil vi tilpasse oss til, og planleggje turane i forhold til dette.

Vi kjem til å ha fokus på smittevern og hygiene i tida som kjem. Både på campus, når tilsette og elevar reiser til og frå skulen, og når vi er i omverda. Elevane kjem til å få gjennomgang i smittevern og hygiene ved oppstart. Reinhaldet har blitt tilpassa situasjonen med auka fokus på desinfisering av overflater som tas på ofte.

Vi har sett av separate lokale til elevar som viser symptom på smitte, eventuelt blir sjuke. Vi har kort veg til nærmaste legekontor. Vi følgjer rådene frå folkehelseinstituttet og etablere eit samarbeid med kommuneoverlegen i førebuingane til skuleåret. Folkehelseinstituttet kjem jamleg med oppdateringar på kva som er tilrådd smittevern, og lagar spesifikke rettleiarar for smittevern for ulike institusjonar.

Det har ikkje kome eigen rettleiar for folkehøgskulene enda, men vi følgjer med på rettleiarane som har blitt laga for andre typar skular i arbeidet med førebuingane inntil denne kjem. Vi følgjer med på utviklinga og rådene som kjem frå myndigheitene.

Skulestart er framleis eit stykke unna og det er fleire ting som kan endre seg. Vi vil tilpasse oss slik at elevane våre har det trygt på skulen. Vi gleder oss til skulestart og å få elevar på skulen!

Du kan lese mer om Corona og folkehøgskuler på https://www.folkehogskole.no/korona

Previous
Previous

Ny brygge ved fjorden

Next
Next

Folkehøgskular har stor søking, og planlegg for oppstart i August.