Stipendiat 2023-2024

Stipendiatplassar for skuleåret 2023-2024.

Sogndal folkehøgskule ynskjer søknadar til stipendiatplassar for komande skuleår.

Å vere stipendiat er for deg som har gjennomført eit år på folkehøgskule og som ynskjer eit andre år der du får utfordra deg sjølv i nye læringssituasjonar. Det gjeld både som medhjelpar  i undervisningssamanheng og som miljøskapar.

Me ynskjer søkarar som kan delta i undervisning på linjene, i fellesfag, valfag og som i tillegg er motiverte for å bidra til eit aktivt og utviklande miljø på skulen. Me er også på jakt etter ein mediastipp eller ein stipendiat som har mykje erfaring med sosiale medier. Her jobbar du tett med kontorleiar og rektor for å marknadsføre skulen utad på sosiale medier.

Skulen har følgjande linjer: Fotoreise, Friluftsliv, Friluftsliv topptur, Friluftsliv Noreg, Ski og klatring, Ski og sykkel og Idrett.

I søknaden ber me deg skrive utfyllande om deg sjølv, dei faglege kvalifikasjonane og erfaringane dine og kvifor du ønskjer å vere stipendiat.

Alle som søker vert kontakta for ei samtale.
Som stipendiat  har du rett til stipend og lån i Lånekassa.
Ta kontakt med skulen for ein prat om du er interessert.
Tlf. 57 62 75 75.

Søknad sendast til sogndal@sogndal.fhs.no innan 05. mars 2023.

Previous
Previous

Stor økning i lån og stipend til folkehøgskole elever!

Next
Next

Besøk fra Jamie Hull -lørdagsundervisning 17/09