Niklas Fjellet

Linjelærar Idrett

Niklas er ein kjekk gut frå Larvik som er linjelærar på idrett i år. Han er ein meget sportsinteressert ung mann, med erfaring innan det meste av idrettar. Han har sjølv vore elev på Sogndal folkehøgskule og stipendiat året etterpå. Han har tatt utdanning i samfunnsfag og bachelor i Idrett og kroppsøving her i Sogndal. I tillegg har han tatt fordjupning i volleyball og fotball. Han har trenarkurs i fotball og trenarkurs i alpint og telemark samt vore trenar for fleire fotball- og handballag. Niklas er veldig interessert i å lage film, den interessen fikk han her som elev og det har han fortsatt med. I dag har Niklas valgfag film der han får delt sin erfaring og glede med å lage film ilag med elevane.

Mens han var elev her blei han kjærast med ei med-elev og dei er idag gift og har to barn samen.

For Niklas so er det viktig å ha det kjekt med idrett, uansett kva slags idrett vi driver med. Det handlar om å få erfaring, vere kreativ og prøve, feile og lære av det. Men viktigste er å ha det kjekt!

Epost: niklas@sogndal.fhs.no
Tlf: 932 83 925