Ski og sykkel

Har du lyst til å oppleve gleda ved å flyte nedover fjellsidene i bunnløs puddersnø? Bølgesurfe på Stadt? Klatre til topps på klipper langs Sognefjorden, eller sykle på smale stiar frå fjelltoppane med utsikt til Jostedalsbreen og heilt ned i fjøresteinane? Då er dette linja for deg!

På studieturen på hausten reiser vi med Interrail gjennom Europa til Middelhavet for å oppleve ulike destinasjonar for stisykling. Studieturen på våren går til Nord-Noreg der vi skal leite fram dei aller beste forholda. Aktuell destinasjon kan vere Lofoten.

Velkommen.

 

Litt meir om linja

Hausten

I Sogndal byr hausten på eit hav av moglegheiter for spennande aktivitetar. Vi skal klatre både utandørs på klippene på Kvam og inne på eit av dei flottaste klatreanlegga i landet. Vi har høve til å prøve oss på Via Ferreta i Hemsedal eller Loen, og vi skal til Stadt for å surfe på bølgene i legendariske Hoddevika. Og ikkje minst skal vi nyte noko av den beste stisyklinga du finn i Noreg.  Både dei legendariske stiane i Kaupangerskogen, samt fantastiske stiar i høgfjellet i Luster blir vår leikeplass på to hjul. Hausten blir altså variert med fleire ulike aktivitetar, men stisykling er vår hovudaktivitet.

Gjennom både grunnleggande og vidaregåande teknikkurs vil du får ferdigheiter til å sykle med fart og kontroll i variert terreng. Du vil også bli kursa i bygging av stiar, og derigjennom få høve til å bli ein del av sykkelmiljøet i Sogndal. Skulen har eigen sykkelverksted der du får lære grunnleggjande vedlikehald av sykkelen. Verkstaden står open og er ein populær møteplass for sykkelmiljøet ved skulen.

Du treng ikkje å ha fulldempa sykkel for å velge denne linje. En hardtrail sykkel vil fungere heilt fint, og på studieturane til utlandet vil vi leige fulldempa syklar på nokre av destinasjonane. Du trenger absolutt heller ikkje å vere ekspert på sykkel: linja passar for folk på alle nivå - også nybegynnar. Elektrisk terrengsykkel vil ikkje fungere på denne linjen.

Vinter
Når snøen kjem er det ski for alle pengane. Sogndal er eit eldorado for skikøyring. Gjennom vinteren vert du lommekjend i eitt av dei beste toppturområda i Noreg. Vi har fokus på sikkerheit og skredfare slik at vi kan nyte dei beste nedfartslinjene på ein god og sikker måte. I løpet av året vil du lære nok til å kunne reise på eventyr med ski på beina på eigahand både i inn- og utland.  

Snøen ligg lenge, og Sogndalsfjella er særs snøsikre; vi har vanlegvis mykje snø og gode skitilhøve frå november til mai. Hurrungane (Jotunheimen), Jostedalen og Breheimen ligg òg rett utanfor døra.

Vår
Når våren kjem er det berre å velge. Vil du køyre ski i Sogndalsdalen, klatre på solvarme klipper med utsikt til Sognefjorden eller merke flyten frå stiane med sykkelen i Kaupangerskogen.

Velkommen til magiske Sogndal

 

 

 

Eit årEit år i sogndal sett spor. Menneska.Naturen.Opplevingane.
Send Send din søknad til Sogndal folkehøgskule no

 

Studietur Ski og sykkel

Interrail Europa. Danmark - Solvenia - Italia.

På studieturen på hausten er det stisykling som tel. Men turen er mykje meir enn berre sykling. Vi reiser på Interrail gjennom Europa heilt til Middelhavet. Første stopp på turen blir Danmark, der vi får oppleve flytsykling på bygde stiar. Frå Danmark reiser vi med tog vidare sørover og kommer til Slovenia. Her skal vi oppholdes oss helt på kanten av Alpene og oppleve austeuropeisk alpekultur og endå fleire flotte stiar på sykkel. Fra Slovenia fortset vi vestover til Italia der vi endar i legendariske Finale, som er heimstad for nokre av dei mest sagnomsuste stiane for sykling i Europa.

Roadtrip og vårski i Nord-Noreg, Sunnmørsalpane, Romsdalen og Lofoten

Studieturen på våren går nordover. Vi kjem til å pakke bilane for å legge ut på eventyr. Forholda bestemmer vår endelege destinasjon, men eit aktuelt mål er Lofoten. På vegen nordover stoppar vi kanskje i Sunnmørsalpane eller Romsdalen for også å få med oss nokre av dei klassiske toppturane der. Vi vil køyre på leit etter den beste snøen som vi kan finne i Noreg på denne to veker lange Roadtrip`en.