SJØLSTENDIG

 
 

Sjølvstendig

Å stole på seg sjølv, å vere trygg - gir fridom og sjøltillit. Det gjer det også lettare å hjelpe andre same vegen.

Litt sjølvkritisk blikk kan vere ein styrke - men for mykje sjølvkritikk kan ta motet frå deg. Vi går langt for hjelpe deg til å finne gode svar på utfordringar blant anna ved å stille gode spørsmål som du kanskje ikkje hadde tenkt på. Dei fleste ungdomar har mykje større kapasitet til å løyse utfordringar enn dei sjølv trur.

Vi ønskjer å hjelpe deg til å utvikle dine evner til å ta avgjerder, til å handle konstruktivt, til å finne løysingar på utfordringar, store eller små, slik at du sjølv kan seie: “det var EG som fiksa dette problemet.”

Så er det sjølvsagt kvardags-utfordringar som klesvask, matlaging, usemjer med venner og masse anna som høyrer livet til! Vi har ikkje alle løysingar, men strekkjer oss på å hjelpe deg til å finne vegen. Når ein kan lære å stole litt meir på seg sjølv gir det ei god meistringskjensle.