MOTIVERT

 

Motivert

Etter fleire år med leksar, pugg og eksamen er det kanskje på tide med litt påfyll og inspirasjon. Her møter du nesten hundre ungdomar som har dette felles: ønsket om å gjere ting som er moro og lærerik saman - utan eksamenspress.

Du får tid til å tenkje litt meir på kva du vil vidare i livet, finne ut meir om deg sjølv og kven du er.

Vi som arbeider her er avhengig av smil og latter i kvardagen, -det er “høgt under taket” på ein folkehøgskule. Ein skal aldri slutte å leike, for konstruktiv leik skaper grunnlag for mykje lærdom.

Sjølv om dei tilsette er seriøse i oppdraget om å skape eit fantastisk lærerikt år så må vi -og du - få fram smilet i kvardagen. Finne tilbake til, eller styrke motivasjonen.