KLOK

 
 

Klok

Vi er opptekne av fagleg kunnskap, Du skal lære mykje spennande og nytt på skulen, og vi har godt utdanna tilsett.

Når du skal ta vanskelege avgjerder er ikkje alltid teorien aleine nok.

På folkehøgskule er vi opptekne av å lære saman gjennom å planleggje, handle, og så evaluere. Det krev god kommunikasjon - god dialog.

Erfaring kjem gjennom å prøve ting -kanskje fleire gonger - og dele erfaringar med andre.

Kunnskapen blir balansert og blir levande gjort gjennom praktisk erfaring saman med andre. Av og til gjer ein feil - då gjeld det å forstå feilen, for å ikkje gjenta den.

Det er fyrst då vi verkeleg blir kloke.

På Sogndal folkehøgskule blir du oppfordra til kritisk tenking gjennom mykje praktisk prosjektarbeid, øvingar, dialog, oppgåver og evaluering - i tillegg til kunnskap gjennom fagleg læring.