ANSVARLEG

 

Ansvarleg

«Vi bærer hverandres liv i våre hender.» K. E. Løgstrup -dansk filosof

Som medelev på Sogndal folkehøgskule er du ein viktig del av eit levande lite samfunn - med alle privilegium og plikter det inneber. Du får medelevar som kanskje blir livslange venner, du får tilsette som er engasjert i kvardagen din. Du blir inkludert, og du blir rekna med. Du er er del av laget, og du sviktar den ikkje.

Kanskje du skal sikre ein god venn i ein bratt granittvegg? Eller stå opp om morgonen for å lage frukost til teltlaget ditt? Eller noko så kvardagsleg som å delta i vasken og stille opp når dine :medvaskere skal begynne. Kanskje du treng litt trøyst når livet er vride - då har du nokon som bryr seg om deg. Slikt skaper tillit.

Vi er med på dugnader iblant for dei som treng ei hjelpande hand, og vi freistar å gjere gode, miljøvennlege val i kvardagen på skulen.

Dette er nokre få eksempel på kva du kan vente som medansvarleg for å få - og gi -eit fantastisk år.